Ytringsfridomen

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Thu, 4 Dec 1997 16:18:49 +0100 (MET)

Jon M. skriv i Klassekampen laurdag 29. november at han er ein svoren
tilhengar av paragrafen som Kjuus vart dømd etter.
Det er ikkje eg. Derimot er eg ein svoren motstandar av Kjuus sine
synspunkt.

Men det opplagt at debatten om ytringsfridom både er
vanskeleg og nødvendig.

I historisk lys er ytringsfridomen ein av dei store fridomane som kom som
eit resultat av bøndene sin strid her i Norden frå 1000-talet og framåt og
tredjestanden sin kamp i Vest-Europa frå 1200-talet og framåt. Frå midt på
1800-talet heldt arbeidarrørsla fram dette arbeidet i strev for fridom og
sosialisme. I denne tradisjonen er ytringsfridomen ein umisteleg fridom.

I 1644 heldt John Milton ein tale til Parlamentet i England som heiter
Areopagitica og som ligg på Internett. Milton argumenterer der for
prentefridom i landet. Han fekk ikkje oppleve det. Det vart ikkje
gjennomført før mange år seinare, mot slutten av 1600-talet om eg ikkje
minnest feil. Milton ville ha den opne debatten der løgna kjem til kort
mot sanninga, ja, sanninga kan berre vinne om løgna kjem til orde. Eg
synest det er ein stor tanke. Kvifor stor? Det er trua på
fornuften som tiltaler meg.

Amerikanaren Noam Chomsky er sosialist og antirasist, men han forsvarar
Ku Klux Klan sin rett etter grunnlova til å gje ut rasistiske pamflettar.
Chomsky forsvarte franskmannen Faurisson sin rett til å skrive motstraums
om nazismen; at tyskarane sine gaskammer under andre verdskrigen ikkje var
skikkeleg prova, at talet på offer er lægre enn det er hevda; at
krigsprogaganda frå dei allierte mot slutten av krigen enno gjeld for
historisk sanning; at nazismen si blodige underkuing ikkje skil seg
kvalitativt frå anna blodig underkuing.

Chomsky gjer dette fordi han trassig meiner at berre fullstendig fridom
for fridomen sine fiendar gjer det mogeleg å vinne over dei med argument.

Desse standpunkta gjer at Chomsky for mange i Europa står fram som ein
villmann. Han verkar rar fordi han står i tradisjonen som Milton
uttrykkjer i Areopagitica - opplysingstida om ein vil - ein tradisjon som
er gløymd på vår side av Atlanteren.

Kva samfunn er det vi strir for om det er politi og påtalemakt som skal
avgjere kva som er rett og kva som er gale?

Eg vil tru at det er råd å drive løgn og bakvasking attende med kritikk og
resonnement. Det var Milton sin ståstad. Det er Chomsky sin ståstad. Og i
den grad det tel noko; det er min ståstad.

Finn Sindre Eliassen