Oppklaaring

Joergen A Strickert (jas@torsk.feskar.net)
Sun, 30 Nov 1997 15:55:20 +0100 (MET)

Trond Andresen seier at venstresida lir av ein barnesjukdom, som foerer
til overdrivingar og denslags fanteri.
I fem veker har vi (mellom 20 og 150 ungdomar) okkupert eit rivingstruga
hus, Innherredsvegen 2d, i Trondheim.
I og med at eg var med paa spetakkelet, trur eg eg har saann nokonlunde
klart for meg kva som har skjedd. Om kvelden den 24. september, mens
elleve av oss allereie var i trygg forvaring i trondheimspolitiets arrest,
kom omlag 20 politifolk, korav nokre var flydd hit fraa Oslo, til huset.
Dei verka skikkeleg proffe, og hadde skikkeleg utstyr (batongar, skjold,
stigar, hjelmar osb.). Dei gjekk inn fraa Innherredsvegen og kom inn
vindauga i andre hoegda med stige og knuste rutene. Dei skjelte og smelte
og var ganske bestemte. M.a. paelma dei ein cd-spelar i veggen og
opptraadte i det heile ganske brutalt, til Trondheim aa vere. Resten veit
dei fleste, trur eg. Om desse brutale individa heiter opproernpoliti,
terrorpoliti eller trafikk-konstabel, veit eg ikkje heilt, det er heller
ikkje hovudsaken. Eg veit imidlertid at dei kom fraa Oslo med fly og for
heim igjen dagen etter. Det var sanninga, heile sanninga og ingenting
anna enn nettopp sanninga. Saa kan dei forsaavidt heite kva dei vil for
meg.
Helsing,
Joergen A. Strickert
(utkasta husokkupant).