Re: Adieu til ei avis

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Fri, 28 Nov 1997 16:06:22 +0000

Le 28 Nov 97 =E0 12:25, Finn Sindre Eliassen a écrit:

> Dersom innhaldet i avisene tel mindre for Garvik enn kven som eig
> aksjane i avisselskapet, boer han nok sjekke kven som eig aksjane i
> Dag og Tid A/S foer han tingar bladet; eventuelt knyte ein
> antikommunistisk klausul til tinginga si.
>
> Eg ser ikkje vekk fraa at det er AKP som via straamenn eig Dag og
> Tid. Ei mistenksam hjerne kan lett utleie noko i den lei ut frå det
> faktum at ikkje alle maalmenn er like maccarthyistiske.

Du treng ikkje bekymra deg for korleis eg vel aviser. Eg vaks opp med
Dag og Tid, og kjenner godt det bladet. Elles les eg opptil fleire
aviser kvar dag, på forskjellige språk. Den mistenksame hjernen min
gir meg så eit slags samandrag av kva som går føre seg i verda.

Eg er slett ikkje redd for kommunistar, eller andre -istar, og det
hjelper ikkje å koma trekkjande med Maccarthy. Skulle ein vera redd
for å kritisere AKP? For det første er det lenge sidan "partiet"
hadde noko med kommunisme å gjera. For det andre er det i dag berre
ei lita, fanatisk sekt med eit oppblåst sjølvbilete, som ikkje
forstår stort av verda utanfor si eiga bobla. Når ein pirkar borti
"sanningane" deira, er ein "antikommunist", kvintessensen av det
grufulle. Min gode Eliassen, dette gjer ikkje inntrykk lenger...

AKParane lever framleis i ein halvt underjordisk, "konspiratorisk"
organisasjon, med "interne" og "eksterne" medlemmer, og mykje
"hemmeleg". Dette kjenner me ut og inn, og me veit også at det er
dette som held liv i dei. Dei trur dei er dei få utvalde som har
løysingane, og i dette deler dei syn med andre små sekter. Det beste
er å snu ryggen til dei, og lata dei driva på sjølve like til siste
slutt. For min eigen del rundar eg av, og seier nok ein gong takk og
farvel til KK-forum. Eg sende meldinga "unsubscribe
Klassekampen-forum" i dag tidleg.

Med helsing

Oddmund Garvik