Adieu til ei avis - Dag og Tid

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Fri, 28 Nov 1997 12:25:23 +0100 (MET)

On Thu, 27 Nov 1997, Oddmund Garvik wrote:

> Eg hadde tenkt å abonnere på ei norsk avis for å fylgje litt med i
> det som går føre seg i gamlelandet. Eg hadde tenkt på laurdagsavisa
> til Klassekampen, eller Dag og Tid. Det blir Dag og Tid.

Ja, Dag og Tid les eg ogsaa med interesse. Men eg har ikkje hatt tid til
aa sjekke kven som kontrollerer aksjane.

Dersom innhaldet i avisene tel mindre for Garvik enn kven som eig
aksjane i avisselskapet, boer han nok sjekke kven som eig aksjane i
Dag og Tid A/S foer han tingar bladet; eventuelt knyte ein
antikommunistisk klausul til tinginga si.

Eg ser ikkje vekk fraa at det er AKP som via straamenn eig Dag og Tid. Ei
mistenksam hjerne kan lett utleie noko i den lei ut frå det faktum at
ikkje alle maalmenn er like maccarthyistiske.

I saa fall kan Garvik fort verte hangande i ei revesaks.

Finn Sindre Eliassen