Re: Lista er lang

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Thu, 27 Nov 1997 16:32:20 +0000

Le 27 Nov 97 =E0 11:39, Eirik Rossen a écrit:

> Når du ikke fikk sove, Oddmund, var det fordi du måtte erkjenne at
> du, i likhet med undertegnede som også opplever tilsvarende
> søvnproblemer innimellom, hadde et medansvar?

Dette med medansvar er relativt, trur eg. Det var stor forskjell på
dei vanlege medlemmene i ml-rørsla, og dei som styrte propagandaen -
leiarane - dei som førte folk bak lyset. Leiarane i den norske
ml-rørsla hadde nær kontakt med despotar, reiste i "delegasjonar" på
"pakkereiser", som var skreddarsydde av dei same despotane, anten det
var til Albania, Kampuchea, eller til Kina. Dei kom attende og
fortalde om kor vedunderleg det var, om kor heltemodig, framgangsrikt
og progressivt det var. Dei laug, og dei visste at det var løgn.
Dette kan utløyse fleire typar reaksjonar.

I dag kan eg slite meg i håret, og seia at eg var ein forbanna idiot.
Det hjelper berre litt på veg. Det er rett som Erik Rossen seier at:
"Fortiden bør ikke moraliseres over, men vi bør lære av den" osb. Om
etterpåklokskap er latterleg, eller ikkje, kjem an på kva den nye
klokskapen går ut på. For min eigen del er eg no blitt immun mot all
slags makt, propaganda, halve sanningar, parti, predikantar, og sist,
men ikkje minst, unnfallande farisearar som tilpassar seg dei nye
tider, og som held fram som om ingenting var hendt.

For meg er det eit prinsipp å vera i opposisjon. Det er det einaste
som gir meining. Vidare er det eit prinsipp å avsløra løgner og bedrag
same kor dei finst. Eg har ikkje mykje makt, heller ikkje så mykje å
fara med alltid, men djupt i meg sjølv foraktar eg den tida då raudt
var raudt, og alt det andre forderveleg. Ikkje fordi eg var syndar,
men fordi eg let meg lura så til dei grader. Dette er utgangspunktet
mitt i dag.

Eg snudde ryggen til AKP i 1979, drog utanlands, og gjekk fleire år i
eit slags tomrom. Det var ikkje mange å diskutere med, sjølv om eg
etterkvart treffte folk som hadde hatt liknande erfaringar i andre
land. No ser at mange av dei som oppkasta seg som leiarar i den norske
ml-rørsla, framleis er leiarar, og sit trygt og veletablerte i
komfortable stillingar i aviser, forlag, høgskular,
forskingsinstitusjonar og i statsadministrasjonen. Nokre av dei er
framleis "med", nokre er til og med arrogante. Men har dei gjort opp
for dei gamle syndene sine? Har Steigan, Øgrim, Allern, og dei andre
teke eit høglydt oppgjer med svindelen som dei var ansvarlege for? Eg
har aldri sett noko på trykk, eller høyrt noko som tyder på det. Dei
vil helst ikkje snakke om det, eller spelar uskuldige lam, og seier
dei ikkje kunne vita, eller kjem med andre utflukter. Erik Rossen
nemner Tron Øgrim som snakkar om "at revolusjonære overgrep er
uunngåelige", og om at aktivistane hadde trong til "naiv
messianisme". Slik feiar ein groteske overgrep og stor urett under
matta utan å blunke.

Eg seier ikkje at Steigan & Co. var Hoxha, eller Pol Pot. Eg seier
ikkje at dei har drepe og herja. Men byråkratane i ml-rørsla bruka ein
generasjon sitt rettferdige opprør mot det beståande samfunnet, til å
oppkaste seg, skaffe seg posisjonar, og bli "symbol", noko dei
framleis er. Dei spreidde uomtvistelege løgner, og dreiv med intrigar
og maktkamp like godt som nokon. Dei har ikkje vore særleg
oppbyggjelege for den radikale tendensen i Noreg, men framleis sit dei
der, og har makt og meiningar.

Partiet er i ferd med å døy, og det kan hende dei er desperate. Ein
skulle kanskje gi dei fred? Dei tåler ikkje den minste kritikk. Anten
blir dei stumme, eller så slepp dei hylekoret laus - desse som kjem
springande kvar gong ein av "deira" er i stry. Eg trur ikkje det er
noko å syrgje over at ml-rørsla går i dass. Kanskje det ville vera
syrgjeleg om Klassekampen forsvann i same holet, eg veit ikkje. Eg
trur ein må byrja frå grunnen av att. Tankegodset og syndene er for
tunge. Det finst for mange dårlege minne.

Med helsing

Oddmund Garvik