Re: Vaksiner og alternativ medisin

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Thu, 20 Nov 1997 23:17:14 +0000

Le 20 Nov 97 =E0 10:35, Eystein Skjerve a écrit:

Jau, eg har...

> lest at vi beskrev Jæren som et unntak i Norge med en også i
> verdensmålsetoff svært tett husdyrbestand. Jeg tror imidlertid ikke
> at hans brors besetning e rsærlig typisk for Norge. Norge HAR en
> spredt husdyrbestand, ganske enkelt på grunn av at de 3 prosentene
> av Norge som er dyrkbar er spredt omkring i hele Norge.

...men eg er ikkje sikker på om dette biletet stemmer så godt lenger.
Hovudtyngda av jordbruksproduksjonen (og som ein kjøper resultatet av
i butikken) kjem frå nokre få område med intensiv drift. Dette er
ikkje noko tilfeldig fenomen, men eit naturleg resultat av ein
sentralistisk landbruks- og distriktspolitikk.

> Kritikken
> mot den internasjonale kjøttindustrien har særlig gått på den
> kraftforintensive produksjonen av gris og fjørfe. Det er et faktum
> at smittesituasjonen for disse i Frankrike er svært mye dårligere
> enn i Skandinavia. Det er bare dumt å hevde noe annet.

Eg har ikkje uttala meg om dette, men eg har heller ikkje sett noko
som helst belegg for denne påstanden. Om det har vore slik, finst det
no ein tendens i motsett retning. "Marknaden" godtek ikkje humbug
etter kugalskapen i England. Forbrukarane er no mykje meir kritiske,
og forlanger informasjon om maten dei kjøper, og strenge tiltak for å
redusere "risikoen". Det er ikkje Texas, og fritt fram her nede som
mange ser ut til å tru. Det finst lovverk i EU også...

> Frankrike
> har, på lik linje med BeNeLux, Tyskland og England omfattende
> forekomst av aggressive resistente mikrober (blant annet
> Salmonella). Dette betyr ikke at folk i Frankrike dør av den grunn.
> Internasjonal husdyrindustri er preget av store penger, og
> legemiddleprodusentene har skodd seg bra på den totalt uvettige
> bruken av antibiotika som fortilsetning.

Denne Salmonella-angsten støyter ein stadig på. Det er klart det finst
bakteriar. Kva hadde livet vore utan bakteriar? Bjørneboe skreiv ein
gong ein fin epistel om bakteriar. All storindustri er prega av mykje
pengar, og det er ikkje berre i utlandet ein driv med "uvettig bruk av
antibiotika". Industrimat i Noreg er like usunn som industrimat i EU.
Du legg ikkje fram så mykje "facts" i rapporten din, helst berre
generelle synspunkt.

> Videre har Frankrike
> problemer med sine oster. Det er sannsynligvis helt trygt for herr
> Garvik å spise de upasteuriserte ostene, med det er det IKKE for de
> 15-20% av befolkningen som er utsatt for smitte av listeriabakterier
> på grunn av nedsatt immunforsvar. Heldigvis er sjukdommen sjelden,
> men det har vært utbrudd på grunn av slik eoster, med opp mot 50%
> dødelighet.

Dei som er svake veit kva dei bør vera forsiktige med. Dette kallar
ein sunn fornuft, og slik kunnskap er allemannseige i alle land.
Frankrike har sjølvsagt ikkje problem med ostane sine. Det er eit av
dei største ostelanda i verda, med over 400 osteslag. Nei, dette,
Skjerve, har du ikkje belegg for...

Internasjonalt har Frankrike vært kanskje den verste
> eksponenten for en overdreven bruk av forantibiotika som
> vekstfremmende middel til husdyr. Konsekvensene av denne bruken har
> ikke bare vært en høy forekomst av antibiotikaresistente stammer av
> Salmonella oG Campylobacter, men en ser nå også konturene av et
> stort problem på grunn av en massiv overføring av slik egener til
> forskjellige menneskerilpassa bakterier. Sannsynligvis ser en nå
> bare starten av problemet. I denne situasjonen er Frankrike en av d
> emest ivrig ei å tvinge Sverige til å oppheve forbudet mot
> forantibiotika. Matbårne sjukdommer er ubehagelige, kan gi delvis
> livsvarige ettersjukdommer, men gir ikke en dødelighet som vil
> innvirke særlig på levealderen i de vestlige land.

Det er temmeleg diffust det du seier her, og som eg alt har sagt,
finst det ein tendens i motsett retning. Dei er nøydde til å leggja
om, elles vil ikkje folk kjøpa produkta deira lenger. Like etter
skandalen i England (kugalskapen), fall salet på oksekjøt her med
opptil 60%. Kugalskap er ille, men epidemien har ikkje vore utan
positive verknader. Folk fekk augo opp for degenereringa som var i
ferd med å ta overhand. Folk forstod at ein ikkje kan setja seg over
naturen, og gjera kva som helst. Det minste feilsteg i dag, har
katastrofale konsekvensar for kjøtindustrien, og kjøtkaksane er ikkje
dummare enn at dei har sett i gang ei omstrukturering. Omsetninga av
industrikjøt har gått ned. Kvalitetsstempel på produkt frå "reint
landbruk" og små einingar, som alt fanst før krisa (t.d. "Label
Rouge"), har hatt eit stort oppsving. Det same gjeld for "biologisk"
kjøt. Det finst "Label Rouge" og "BIO" for alle typar kjøt. Ein kan
med andre ord velje...

> Garviks
> argumentasjon e ridealistisk, og forsåvidt på linje med f.eks.
> Hyland Eriksen som hevdet det var rasisme å påstå at vi hadde bedre
> matkvalitet i Norge enn i andre land. Garvik kan godt ha sine
> poenger i fred, og det er ingen stor risiko med å spise halvrå biff.
> En bendelorm i ny og ne kan slenge, men det er neppe noe stort
> helseproblem. For å gi ham noen råd om hvilke produkter som kan være
> risikable i hans boland, kan nevnes :

Eg trur du er meir idealistisk enn eg, i alle fall i den marxistiske
tydinga av ordet. Eg bygg observasjonane mine på erfaringar, men seier
ikkje eg er talsmann for "sanninga" av den grunn. Eg trur ikkje på
"sanningar". Kvar og ein har sin variant. Du har lite å fara med når
du samanliknar meg med denne "Hyland Eriksen" (som eg korkje har
høyrt om, eller kjenner). Å seia at eg blandar saman rasisme og
matkvalitet, heng like lite på greip som resten av det du kallar
"facts".

Eg høyrer ikkje til dei som trur at ein må konsultere leegen, eller
veterinææren for å vita kva ein kan eta. Lista di hoppar eg såleis
over. Du nemner "den merkelige retten Cannibals de Maison - rått hakka
svinekjøtt". Eg bur i byen til Rabelais, reiknar fleire vindyrkarar,
"charcutiers", og andre begersvingarar til omgangskrinsen min. Var
nede på stamkafeen istad. Ingen har høyrt om denne "retten" sjølvsagt.
Me et mykje rart, men ingen er så galne at dei et rått svinekjøt. Svin
og fjørfe blir steikt, eller koka "comme il faut". Det er berre
oksekjøt, evt. lammekjøt og ein del vilt som kan etast "blodig", men
det har lite med EU å gjera...

Eg er ikkje redd for å "berge livet i lang tid" i eit EU-land. Eg har
tru på den aukande rørsla for "l'Europe sociale contre l'Europe de
Maastricht". Dei "som de facto har en bedre smittstilstand" kan
sjølvsagt "ha lov til å velge et noe sikrere liv". Men spreier dei
løgner i propagandaen sin, tykkjer eg det er greitt å ta til motmæle.

De kan gjera som de vil. De kan halda Norden rein og blond i all æve
for min del. Men slutt å vera stolte av det, og slutt med å gi gode
råd til alle andre. Prøv heller å få auga på bjelken i det Norske
Auget. Så kan me utlendingar halda fram i fordervinga. Me gir
pokker, og vender helst tilbake til Rabelais, og seier som han på
gamal fransk: "Beuvez tousjours, ne Mourrez jasmais". Livet er
kortare enn ein trur!

Bon appétit

Oddmund Garvik