Re:_Re:_Årsmøte_i_Møre_og_Romsdal_Nei_til_EU

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Thu, 20 Nov 1997 15:06:09 +0000

Le 21 Nov 97 =E0 8:23, Paal Hellesnes a écrit:

> Jau, du snakkar om vrangfoerestillingar, Oddmund, men kva er vrangt?
> Det er ikkje ein vrangfoerestilling aa hevda at Noreg har faerre, og
> mindre utbredde, matbaarne sjukdomar enn EU-landa. Dette finn du
> dokumentasjon for om du les rapporten skriven av veterinaerane i
> Noreg. Vrangfoerestillinga er etter mitt syn aa hevda at det er
> reaksjonaert aa freista aa halde Noreg saa fritt som mogleg for
> sjukdomar av typen Salmonella o.l.

Du skulle heller lesa det eg skreiv i staden for å slenge rundt deg
med lause påstandar. Det er heilt meiningslaust å "diskutere" på denne
måten. Eg har då aldri sagt at det er reaksjonært å unngå salmonella!
Tek du meg for ein idiot, eller gjerest du på? Og kva i helsike har
det med EU å gjera?

Denne pressemeldinga frå Veterinærforbundet sitt symposium på
Sundvollen er ingenting å koma dragande med i EU-samanheng.
Heller ikkje rapporten "Matvarekvalitet, dyrehelse og internasjonal
handel - et sammendrag". Veterinærane kunne då ikkje konkludera med
at situasjonen er dårleg i Noreg. Det ville vera å grava si eiga
grav. Dei ville vera ansvarlege for import av forpesta varer, og
dårleg kvalitet. Dette er soga om bukken og havresekken på nytt...

Eg trur alle veterinærar i alle and er opptekne av god dyrehelse.
Dette med at "I Norden er det i forhold til resten av verden en god
situasjon når det gjelder antibiotikaresistens", er ein generell
påstand som ikkje seier så mykje. I ein del av "resten av verden" er
det så som så med midlar, og resultatet blir deretter. Men i desse
landa er det likeins både for folk og fe... og Noreg, liksom EU, og
andre imperialistiske makter er ansvarlege for denne situasjonen. Men
det er me vel samde om, bortsett frå om du trur den norske kapitalen
er mindre imperialistisk og øydeleggjande enn kapitalen i EU, og dei
andre rike landa.

For å koma attende til kva som er vrangt, skal eg fortelje deg
noko. Når eg går til slaktaren like rundt hjørnet, heng det eit stort
skilt på veggen med namnet på oksen, namnet på "foreldra" til oksen,
alle slags datoar og vekter, namn og adresse til eigaren. Om eg vil,
kan eg gå til fots, og kikka på dei oksane eg skal eta neste år. Dei
går på beite like utanom byen der eg bur. Dei et gras, og kalvane
pattar medan mora et i seg saftige, grøne urter. Snakkar eg meg
eigaren, får eg vita at det ikkje finst ein einaste mjølsekk på låven.
"Dei har nok av gras, kvifor skal eg gi dei mjøl?" Det er likeins med
grisar, sauer, og lam, og andre, meir mystiske dyr me et her nede.
Folk er då ikkje galne. Ingen har glede av sjuke dyr, eller forpesta
matvarer.

Veslebror min er storbonde på Jæren, ein av dei som held liv i dykk.
I veterinærrapporten snakkar dei vent om at "små gårder spredt utover
vårt langstrakte land er en klar fordel for å hindre spredning av
smittestoffer gjennom næringskjeden." Men små gardar blir det mindre
og mindre av. Ein finn ikkje mykje varer frå små gardar i butikken.
Det verkar som slike gardbrukarar som bror min er "framtida". Det er
dei som "produserer", det er dei som "får det til". Sjølv om dei er
aldri så norske, driv dei mykje usunnare og intensiv gardsdrift enn
det eg ser her i gardane. Eigedomane her er vel så store, så det har
ingenting med det å gjera. Bror min har eit par hundre kyr som står
på båsen mest heile året, et silo og mjøl for det meste, gir god
mjølkekvote, og kastar av seg ei lita formue. Attåt dette driv han
med intensiv oppaling av "julegris", hundrevis av grisungar som blir
store og feite på ein blunk. Kalvane han får blir tekne av mora
straks dei er fødde. Eg har til dags dato aldri sett ein "pattekalv"
i Noreg. Det må vera ein slags konvensjon å stengje dei inne i
kalvebingen nokre veker, før dei blir sende på slaktehuset.

Slaktaren min kjøper livdyra på garden, og slaktar sjølv. Ein
veterinær kontrollerer, og stemplar, og så blir det "Bifteck, Boeuf
bourguignon, Boeuf =E0 l'alsacienne, Pot-au-feu =E0 la fran=E7aise, Daube
proven=E7ale, Couscous de Constantine", posteiar, pølser og skinker av
nyslakta gris, og alt det andre gode me franskmenn er kjende for å
lage. Alt blir nytta, alt blir ete. Me et rått kjøt, innmat,
kalvehovud, sniglar og froskelår. Me et ostar som luktar lang veg,
laga av bakteriar og råmjølk (korleis kan det bli ost av pasteurisert
mjølk?). Alt blir delikat, næringsrik mat. Me gassar oss, og det er
ikkje dyrt, og me skyler det ned med ein liter vin, og me gjer det to
gonger for dagen. Og me har det moro, same kor fattige me er. Me har
ingenting å springe etter. Bakteriane plagar oss ikkje, og me har
ikkje problem med helsa, me treng ikkje antibiotika, ikkje oftare enn
andre.

Frankrike har høgast gjennomsnittleg levealder i verda, i alle fall
for kvinner. Me driv ikkje og råsteiker i smør og margarin, me brukar
gåsefeitt og olivenolje, me drikk minst ein liter vin for dagen, og
slepp å kave med piller og tran mot åreforkalking (kom ikkje med
statistikkar over leverkreft og alkoholisme, slikt finn ein overalt,
c'est la vie!). Me har ein variasjon, eit utval, og eit kvalitetsnivå
på matvarer som eg aldri har sett maken til i Noreg. Handlar ein i
store varemagasin, blir det sjølvsagt litt billegare, og litt meir
framandt. Men alt er merkt, og ein velja det ein vil. Ein kan kjøpa
biodynamisk mat i dei største matvarebutikkane om ein vil. Ein treng
ikkje lure seg inn i tronge smågater, der ein skjeggete idealist sel
"naturprodukt", og slit livet av seg for å få folk til å eta
"sunnare". Går ein på apoteket, er homøopatisk og "tradisjonell"
farmakologi sidestilt. Slik har det vore i alle år.

Ikkje fanken om du, eller andre får meg til å tru at kosthaldet i
"EU-land" er usunnare og farlegare enn den bleike, norske maten. Ikkje
fanken om du får meg til å tru at eg, eller andre her nede er fulle av
antibiotikaresistente bakteriar, salmonella, eller anna. Slike idear
er bygde på rein uvitskap, og osar mistenkjeleggjering og framandhat.

Mykje av demagogien i EU-spørsmålet er bygd på redsla for det
framande. Det er lett å piske opp stemninga på slik grunn. Det er lett
å få til eit kollektivt hysteri. Men ein må passe seg vel i lengda, og
som eg sa tidlegare, halde tunga veldig beint i kjeften. Kva vil de
gjera den dagen Hagen, eller etterkomarane hans, liksom frendane i
Europa, finn ut at det er meir i tråd med nasjonale ideal å avvise
"Utlandet" heilt, ikkje berre flyktningar, og innvandrarar frå den
tredje verda: "Me er ikkje rasistar, me er ikkje mot utlendingar,
berre dei held seg i sitt eige land" osb.

Eg veit godt kva eg snakkar om. Eg har framleis heile slekta mi i
Noreg, og eg høyrer dei både titt og ofte. Dei er vanlege nordmenn i
alle slags yrke, og det finst både radikale og konservative blant dei.
I EU-spørsmålet forandrar dei seg heilt, dei blir samstemde og
hysteriske kvar gong eg freistar å pirke litt i "sanningane" deira.
Dei kaldflirer, og ristar på hovudet. Det er sjeldan kost at nokon
pirkar borti dette. Når "eliten" uttalar seg på fjernsynet, når dei
sjølvgode finansfyrstane, og borgarskapet sine leiarar kjem med sine
"sannheter", slår dei av. Det er deira versjon, og det er LØGN, og Gud
hjelpe oss mot Utlandet, mot Salmonellaen, og dei forkvakla genane.
Gud hjelpe oss mot fri alkoholservering. Det blir slutten på Noreg!
Det norske folket kjem til å li. Språket kjem til å døy. Utlendingane
kjem til å ta over...

Kvar gong desse slektningane kjem på vitjing til Frankarlandet, dette
farlege Europa, går dei rundt og mumlar i undring, medan eg karsleg
smiler, slår ut med armane, og seier: "Her ser de! Det er korkje
verre eller betre enn der oppe i Norden."
Me går i butikkane, og dei gjer store augo, men seier ikkje så mykje.
Me set oss til bords.
- Du må steikje kjøtet ekstra godt, elles er det ikkje etande.
- Korleis kan du eta desse sneglane. Huff og huff!
- Dei norske tomatane er no fantastisk gode.
- Og så har me det no veldig godt i Noreg. Me kan ikkje klaga.
- Vil du ikkje heller koma og bu der oppe, Oddmund?
Eg smiler berre, og skjenkjer i vin, og dei blir raudare og raudare i
kjakane, og så er det visst spanande å vera i "Utlandet" likevel.
- Det er ikkje så ille dette.
- Og så er det no eit fantastisk utval her nede.
- Er det verkeleg slik heile året, seier du?
- Ja, ja, det er no mykje større alt.
- Hadde me no berre kunna meir språk...

Det varer nokre dagar, og dei har vanskeleg for å tru på det dei
ser. Dei stiller alle slags rare spørsmål, men finn ikkje meir
negativt her enn dei er vane med heime. Eg pludrar om at det korkje
er verre, eller betre, om at det berre er a-n-n-l-e-i-s. Då kjem dei
med det gamle ordtaket om at heime er best, og eg kan ikkje anna enn
å smile att. På flyplassen seier dei at eg får liva vel, og spør
omatt om eg ikkje kunne tenkje meg å flytta attende før dei forsvinn
opp rulletrappa med billettar og norske pass, og veskene fulle av
farlege ostar, plantefrø, og andre sjukdomsberarar.

Kona mi er etterkomar av afrikanske slavar i Vestindia, og indianarar
i regnskogen i Amazonas. Dei fyrste gongene me drog til Noreg, såg
alle på ho. Det gjekk litt tregare for oss å koma gjennom
passkontrollen, men ingen reagerte på det. No har me to søner, og det
går litt raskare. Ein familie er meir truverdig. Men framleis ser eg
desse blikka deira, framleis har eg lyst til å dra dei over kjeften,
og laga ein "scandale". Framandhatet er til å ta og føle på når ein
kjenner koden. Elles er det så subtilt, og innpakka i protestantisk
skinnheilagdom, og det "politisk korrekte" at det er vanskeleg å få
has på.

Noreg er vel og bra på mange måtar, men korkje betre, eller verre enn
andre land. Det er berre annleis. Den dagen ein byrjar å sjå på EU,
"Utlandet", eller kva ein vel å kalla det, berre som noko annleis,
korkje verre, eller betre, kan ein kanskje få til ein vitug EU-debatt,
bygd på argument frå røyndomen, og ikkje skremselspropaganda og lause
påstandar.

> Dessutan gjer du eit par logiske feilslutningar:
> Det er truleg faa paa dette forumet som er usamde med deg i at
> monopolkapitalismen og imperialismen herskar i heile verda, og at EU
> berre er ein del av han, men tyder det at det er berre tull aa
> slaass mot dei konkrete utslaga av han?

Har eg sagt det er tull? Du skulle lesa det eg skreiv i staden for å
babla om logikk. Og du skulle heller ikkje gløyme at Noreg er ein del
av imperialismen anten landet er med i EU, eller står utanom.

> Opning av grensene for
> smitte er faktisk eit heilt konkret av galskapen som imperialismen
> og den globaliserte verdshandelen staar for. Korleis du daa kan sjaa
> paa kamp mot dette som reaksjonaert vert over mi fatteevne.

Dette er jo rein svada, og eg har alt kommentert det. Eg tek opp
att det eg byrja med: Er det for mykje å be deg og andre om å lesa
det eg skriv med opne augo, i staden for å fantasere på denne måten?

Med helsing

Oddmund Garvik

PS. Det blei langt, men de får bera over med meg. Det er ikkje kvar
dag eg "snakkar" norsk.