Til historie/ættegransking
Til språksider
Norske ord om slekt og familie
Norske ord om om kvervelstrøyming og andre rørsler i luft og vatn

Norske ord for/om snø

Norwegian words for/about snow

Ivar S. Ertesvåg

Lagt ut 19. november 1998, sist endra 28. juli 2006

Hit Counter

Somtid vert det fortalt at eskimoiske og samiske språk har så utruleg mange ord for snø. Det har dei vistnok, men berre dersom du tel med allslags samansetjingar og bøyingsformer.
Det kan du lese meir om her: Eskimo Words for 'Snow'

Andre lenkjer til snø-ord-sider:
Om fagord for ein snø-forskar
(fleire ?)

Tanken melde seg om ikkje norsk også har rikeleg med uttrykk for snø, berre ein set seg ned og samlar dei. Dette er ei førebels samling. Har du fleire ord, rettingar eller andre kommentarar, send ein e-post til meg Ivar.S.Ertesvag@ntnu.no.

 


For å lage ei slik liste, må ein først finne ut kva som kjem
inn under denne overskrifta.

1. Kva er "snø"?
2. Kva er eit ord - og kva er eitt ord?
3. Kva er eit ord om snø?
4. Kva er eit norsk ord?
5. Kva er om/for snø?


Desse spørsmåla er drøfta her. 

-----------

Eg har ikkje klare svar på alle spørsmåla ovanfor, men freistar
likevel å setje opp ei liste over norske ord om snø.

Ord om snø:

Under kvar gruppe er grunnord for snø lista opp først, deretter ord med samansetjingar og ord som også vert nytta i andre samanhengar.

Det vart ikkje så heilt liketil å dele inn og avgrense lista. Det vart som det vart. Har du framlegg til forbetring, så sender du meg nokre ord om det.

Lista inneheld ord om snø, dvs sjølve snøen. Menneskelaga utstyr for bruk på/i/til snø, (brøyteutstyr, skiutstyr, mm) er i utgangspunktet ikkje rekna med. Ord for frose vatn som ikkje er snø (is, isjukel, stålis, o.fl.), er ikkje eigentlege "ord om snø". Heller ikkje ord om vatn (smeltevatn, takdrypp, o.fl.), som har vore snø - men eg tek med nokre døme. Men snø som er direkte omdanna heilt eller delvis til is (t.d. bre, isbre) synest eg må vere med.


English: This is a list of Norwegian words for snow, about different types of snow, snow-phenomena, snow weather, etc. Non-snow winter phenomena, human activities and equipment, non-snow frosen water (clear ice), and fully melted snow are in general not included.
Also, the different inflected forms are not included. When one lexem gives noun, verb and adjective, they can altogether make about 5-10 forms; and with all dialect variants, you can get quite a number - if you like to count.
How many words for snow are there in Norwegian? First, you (yourself) will have to decide how to count 'words', and then you can count the best you can.

It will be a big job to make an English version of the list (i.e. with English explainations). Up to now, I have explained some words. If you would like to help me, just send me an e-mail.
I will be grateful if someone helps me proofreading the English.



 
Allmennt general
snø (m.)
(snjo, snøv, snjø, snjøv, snog, snjor, sjog, sjo, sny, snjy, sne)
gammalnorsk/old norse : snár, snór, snær
snow (noun), (dialect forms)
snø, snøa (v.)
(snjoa, snova, snøva, snjøa, snøge, snoge, snjóge, snya, sne)
gammalnorsk/old norse : snjófa, snjáfa
snow (verb)
snøut, snøete, snøug (a.) flekkut eller tilreidd av snø, med snø på, full av snø
spotted or messed up with snow, with snow on, full of snow (adjective, adverb)


 
Partiklar, einskilde particles, single
hagl korn av hagl hailstone
eiter, eitersnø (eitresnø) små hagl small hailstone
fjukr lett snø som dett ned, men mindre flak enn t.d. snøflukse
light, falling snow, less flakes than e.g "snøflukse"
flukse, flygse, flysse (snø-) (large) snow flake
floke, flinte, (snø-) = (snø)flukse
fjom, fjon, fnugg (snø-) (small) snow flake, snow dust
snøfille snow rag
snøflak snow flake
floke (snø-) = snøflukse
flinte (snø-) = snøflukse
snøkjerring stor snøflukse very large snow flake
haglkorn korn av hagl grain of hail, hailstone
snøkrystall snow crystal
snøkorn snow grain

 
Samansetjing, konsistens av snøen som fell eller fyk i lufta, sams
Composition, consistency of snow falling or flying in the air, collective
hagl hail
eiter, eitersnø, eitresnø små hagl fine hail, snow with fine particles
slette, sludd, slatter (slett,  sklette, slat, slass, snø-) (s.) slette, sludde, slute, slatre (v.) vått snøfall, blanding av regn og snø
sleet, wet snowfall, mixture of rain and snow
fauker (s.) snø som fell med einskilde lette flukser, jf. faukre (v)
fjautr (s.) jf. fjautre (v.)
fluskra, fokra (snø-) v. falla lett, i einskilde fjom, um snø
fana falla svært tunt, laga eit tunt lag, særleg om snø
fyklen (a.) dunlett snø
føyr spreidde snøflugsor; småe snø-korn
snøslit einskilde spreidde snøfjom som fell undan medan det bles
snøklesse snøslette, slatter
valleslette nedburd som er ei blanding av snø og regn, sludd
valleklesse =valleslette; og: vassblanda snø som ein vassar i
valleslette nedburd som er ei blanding av snø og regn, sludd
fauker (s) snø som fell med einskilde lette flukser, jf. faukre (v)
faukersnø = fauker
fjautr (s) jf. fjautre (v)
fluskra, fokra (snø-) v. falla lett, i einskilde fjom, um snø
snøruska v. = snøfluskra
drivsnø snø som fyk i lufta
frostrøyk svært små is/snøkrystallar som svevar i lufta (under 0,01 gr C), det er vassdamp (gass) som fell ut fordi fuktig luft vert nedkjølt
kunstsnø vert laga ved å kjøle ned ein sprut av vatn, slik at det vert danna iskrystallar

 
Vêr med snø
(ord om vertilhøva eller klimaet som fortel at det snør, at det snart kjem,
eller truleg/kanskje kjem snø, eller kan kome snø)
Weather with snow; words about the weather conditions with snow,
or that snow soon will or may come
bar, haglebar, haglebar
skur, haglskur
faukre, fukre, fjukre (v) snøe med einskilde lette/små flukser, falla tunt eller smått som dust, serleg um snø
fjautre (v) snøe med tørre, lette flukser som dryssar ned
iming (s) tørre, (små,) lette flukser som dryssar ned, fjautr
dape, dape snø og regn om einannan
gnastervêr rå-kaldt vêr med litt snø
heiske v. det fell litt lett fjukande snø i mesta klårt vêr
heideskav, heisk lett snø som driv spreidt, jf. heiske (v.)
lave (ned) v.
grim fin nedbør av snø eller regn, med veik vind (jfr. snøgrim, regngrim)
snøvér
snøbyge
snøfall
snødett lite snøfall
snøkyng m. tett snøfall, einskild drivgarde el. støyt av snø som fell ujamt, stundom meir og stundom mindre tett
snøkav, -kave
snøtjukke vêr med kraftig snøfall
snøfok, snøføykje
snøbus ofseleg snøfok
snøføyk lite snøfok
snøstorm
snødrev, snødriv
snødrift =snødrev
snørok snødriv med storm
snøgov
snøgauv snø som kjem drivande liksom ein straum el. ein sturt
snøkast jfr. vindkast: "vegen blir stengd ved fyrste snøkast"
snøbolk tidbolk med snøver
snøfuke =snørid
snørid hardt snøver, rid med sterkt snøfall
haglbyge
haglél (hagleling)
haglbar, haglebar
haglbareling
haglbrest regnbyge med hagl i blandt
haglskur
haglstorm
flissnø m. turr lett snø
dapekave snøkave med våt snø
kovdam tjukk luft med snø
våtslette snøkave med våt snø
slettekave snøkave med store og våte snøflukser
halvgote nedbør som er ei blanding av regn og snø, sludd
hardang frosi jord, berrfrost; hardt snøføre, snø som fyrst er vorten våt og sidan har frose
himmelsfok hardt snødrév (av snø som kjem ovanfrå, jfr. jordfok)
jordfok snø som vert driven opp frå jorda (jfr. himmelsfok); også drev, fok av sand og støv
moldfok =jordfok; også om sand og støv
snøskav =jordfok
rennedriv, rennefok snøfok, vind med snø som driv
roksnjo snø som vinden driv opp frå marka, jordfok
illri(d) hard tid med frost og snø, uvêrstid
jur, jure skymuge eller skur (av regn, hagl eller snø) på skap som ein topp eller pose, som heng ned frå ein skybakke
kleksevêr vêr med nedburd av våt snø
kremme det at snøen er kram; linnver, tøyr
snøhære lett, tunt snøfall
snøravl tunt snøfall
snøklett heller drygt snøfall
snøkreist snø-fjom som fyk her og kvar i lufti i kaldt, halvklårt ver når det er om å snøa ein grand
plasksnø det snør voldsomt, kraftig snøfall; slanguttrykk(?) påverka av "plaskregn": kraftig regnvêr
snøvinter vinter med mykje snø; òg vinter med umsyn til snømeng: Liten ~
snødrått snø i vente
snøeleg (a.) snø i vente, ser ut til å kome snø
snøbakke skybakke som (inneheld og) lovar snø
snøsky sky som gjev snø
snøelte snøskyer, snø i lufti
snøhamar stor, tjukk snøsky
snøhimmel luft med skyer som lovar snø

 
Snø som ligg på jorda, på tre eller anna
(samansetjing, konsistens, m.m.)
Snow that is lying on the ground, at trees or other things: composition, etc.
sørpe, surpe svært våt snø; snø blanda med vatn
slaps, slafs, slatter, slass, (snø-) våt snø
vodl vassblanda is eller snø (som ein vassar i), snøslaps
stroppe, strope vatn som er fullt av isklumpar eller snø
rim snø som vert til ved at vassdamp (vatn i gassform) i lufta fell ut som fast stoff direkte på faste flater, t.d. på bakken. (Ordboka seier 'frosen dogg'. Det kan vere rett i visse tilfelle, men som allmenn forklaring det er feil. Iallfall er det feil når ein følgjer den same ordboka, der det med 'dogg' er meint flytande dropar.)
hele =rim
mjell a. laus og tørr snø, motsett: kram
sevjast v. vera laus el. mjell, om turr og lett snø som ikkje vil hanga ihop
borr kornsnø
aur, aursnø
firn årsgammal snø (lånord frå tysk til fleire språk)
skare (skar(e)snø) snø med hard overflate, laus under
avrange uppbløytt snø som hev frose til
hjårn, hardang snølag som er frose saman til is; sers tjukk skare
issvull (svoll, svall)
gadd ujamn flate av is/frosen snø på bakken, issvoll, særleg på veg; også: spor, opptrakka veg (i snøen)
hålke glatt av hard snø eller is, særleg på veg
kram a. fuktig (og helst ny) snø, slik at han heng ihop, t.d. til snøballar: motsett: mjell
is mest nytta om frose vatn, men også om snø (dvs som ikkje har vore flytande); t.d. i innlandsis, isbre, is på sjø, vatn og elv
snøsørpe, sørpesnø
nysnø
fjorårssnø
mjellsnø snø som er mjell, laus og tørr snø
kaldsnø mjellsnø, laus og tørr snø
turrsnø laus, lett snø, snø som ikkje er kram
kramsnø, kremmesnø snø som er kram, fuktig snø
blautsnø
våtsnø
klokkna (v.) verta våt, om snø
laussnø
puddersnø
pulversnø
finsnø
kornsnø
uppstøding snø med sterk skorpe ovanpå, skare
skaraflere stykke av skare på snø
jøkleføre snø med ei isskorpe ovanpå nysnø
kjellføre føre med djup og fast snø, so ein kann køyra yver både urder og myra
klabb, klabbe (kladd, kladde) klump som heng ved, t.d. av snø; at det henger seg klumpar under foten, skiene, m.m. (også nytta om leire, m.m. som klabbar)
klabbesnø (kladdesnø) snø som klabbar
mylsnø mylen snø, dvs. snø som har vore klaka og sidan er knasa
rekkjingsnø snø som det lett syner far i
ising mellomting mellom snø og is; snø som fyrst er våt og sidan frys til is
sor blanding av is og vatn eller snø og vatn; også lag av små isklumpar på vatnet; tunn isskorpe,
snøgraut snø som er vassdrukken, myrje av snø og vatn
snøgopel, snøgrop, snøgyrje =snøgraut
issor surpe av snø eller is i vatn
krap, krav små klumpar av is eller snø; Gn. krap, krav, surpe av is og snø
fokksnø
drivsnø ihopfoken snø
sago gryn-snø (?) snø som minner om sagogryn
isoporsnø (?) snø som minner om isopor
bresnø glacier snow (ice)
breis glacier ice
blåis "blue ice", i.e. bluish glacier ice
blåstøde vasspyttar i snøen, snø som er full med vassdemmer
slette tunt lag av snø
snøfån svært tunt snølag
snøhela svært tunt snø-lag
snøhim svært tunt snø-lag
snøskrimsel ovende tunt snølag som ikkje tekkjer, men som ein so vidt kan sjå
slantra v. bråna, om nyfallen snø
snøkøye snø som er halvveges bråna

 
Om måten snøen ligg, tilstandar, formasjonar
(laga utan medverknad frå levande vesen)
Of the manner, conditions, formations (made without influence from living beings)
bre, brede (snøbre, isbre) snø som ligg i fleire år
bresnø snø i bre
jøkul isbre, snøbre
fonn (snøfonn), snøfann dunge, tjukt lag av snø som er driven ihop; også: ras, skred
fenna v. dunga seg opp, laga fonner
fent a. snøklædd, tildriven med snø
fane (snøfane)
drive (snødrive)
folge (snø-) tunt lag, serleg av snø
skavl (snøskavl) snøfonn med høg og kvass rygg
bræne snø eller isskorpe på kanten av fjella
skjerja, skjerven a. um snø: halvveges bortbråna, slik at det har laga seg berre flekker innimellom
skjerja, skjerva v. verta snøberr her og der, få ein og annan berr flekk
æke, snøæke ihopfoken dunge el. fonn av snø, t.d. i ei dæld eller i skar på eit fjel
raunsveig snø på tregreiner, = lavsnø
bard, barde, snøbarde kant av snø, skavl, skavlkant; også brøytekant
snøfast a. heilt dekt av snø, utan nokon berr flekk
snøtekt a. heilt dekt av snø
snølendt a. = snøfast
snøheil a. = snøfast
åltekt a. tekt yver det heile, t.d. av snø
nedsnødd a.
flekkesnø
snøflekk flekk der det ligg snø
steinberr a. om marka: so pass berr (for snø) at steinane stikk opp i gjenom
djupsnø
atterdriven driva att(er), idriven, tilfoken t.d. av snø
snøskute innhol snøskavl som heng utyver
lavsnø snø som vert liggjande på greinene på tre
innlandsis inland ice, i.e. covering a large area of land, e.g. on Greenland
snøfar svært tunt lag med snø
very thin layer of snow
randheil a. om snø: som ligg breidd jamt utover utan nokon berr flekk
brekant
brefall
brekalv
bresprekk
brehole cave in or under the glacier
isfjell, isberg ice berg
isflak
jake (tagget) isflak, tynt islag
fjordis
sjøis
havis
drivis
råk
isbrot
iskant
pakkis
skruis
isgang dekket av is/snø på elva losnar om våren
isdemning is/snø som hopar seg opp under isgangen og lagar ei demning i elva
isplugg isdemning
snøgote renne etter snøskred
fonnefar renne etter snøskred
fonnestrek smalt fonnefar
snøbom snø som ligg og stengjer tvert over elv el. sigleleid
snøkork snø som ligg ihopstuva i vatn og stengjer for ferdsla
snøfor mylske, tjukt snølag som flyt nedetter ei elv; også:tunt lag av snø på jorda
snøkrape, snøkrave = snøfor
snøkrav lag el. skorpe av snø på vatn
snøtyngd tyngd av snø
snøhard a. om stad med mykje snø
snøtung a. um stad der det plar liggja mykje snø; også: om ver med ventande snø
fonnestøde stad der snøen driv saman og vert liggande til langt ut på våren
isøyde øydemark med is og snø
lodda, lødda v. verta tyngd av snø som heng ned, klabba, om ski og meiar; også: hengja seg ved, henge fast
underhål a. hål (glatt) nede på grunnen, soleis der det ligg snø på eit islag
svikhål underhål
blindhål underhål
glarhålke snø/is/hålke som ligg på vegen, og som har vorte klar/gjennomsiktig og svært glatt pga. regn; (Torp: "Nynorsk etymologisk ordbok" seier at "glar" tyder noko med å sjå eller skimte, jf. glo = stirre, sjå)
snøgrense, snølinje grense for kor langt nedover (td. rekna i høgde over havet) eller sørover snøen rekk

 
Hendingar med/i snø
Events, incidents or conditions in/with snow
svorv liti skrede, helst med snø
lavine snøskred
skred, snøskred, -skrede, -skreide også nytta om t.d. jordskred
ras, snøras mindre skred
fonn ras, skred; også: dunge, tjukt lag av snø
snørap =snøras
snørås = snøskrede, snøras
snøskote = snøskrede
jøkleræs skrede av snø og is
brefall
kramskred(e) skrede av kram snø
snøbrot det at lavsnø bryt ned toppar og greiner på tre
snøbrest =snøbrot
snøbrøytt a. nedbroten av snøen

 
Endringar i snøen
Changes in the snow
tøya v. bråna, tina, um snø på marki.; verta fri for snø, um jordi. Jfr. tåna, tina, vera mild so snø eller is brånar (um luft); få til å tina
tåna verta snøberr, um jordi; òg: tina, tøya, um snøen.
tøyr, tø når det tøyar
tok (ò) n. pl. snø-bråning
vodla v. ~ seg, verta til slaps, "vodl", um snø og is; løysa seg halvveges upp
smelte verte flytande, verte til vatn
bråne smelte
tina v. verta fri is; meir sjl. um å verta fri for snø; òg bråna, smelta, um sjølve isen, el. snøen; få til å bråna; soli tinar (upp, burt) snøen
uttåen a. mykje tærd, som hev minka mykje i linnver (um is el. snø)
snøbråd snøsmelting
snølosing = snøløysing
snøløysing det at snøen brånar um våren
snønåm = snøløysing
snøtok linnver som tek burt snøen
kakelinne mildvérsbolk i desember, under julekakebakinga
lefsetøyr kakelinne, mildever i desember (under lefsebakinga)

 
Handlingar menneske eller dyr/fuglar gjer i snø
Actions by men or animals/birds in snow
brøyte rydje veg i snøen
løype (v.) glida på snø eller is, renna, aka
nysa, snysa (v.) falla so ein fær snø i munn og nase
base tumle, baske, leike i snøen
kryne dytte/gni ansiktet (på nokon) ned i snøfonna
vodla (v.) vassa i djup snø
vade (i snø) også nytta om vatn
vabba (v.) vade seint og tungt i djup snø (også i gjørme, myr, m.m.)
grynne vade i snø
knegrynne vade i snø til knea

 
Tilstandar for menneska
(ord om naturlege hendingar/tilstandar med snø som er knytt til menneske eller menneskelege aktivitetar eller byggverk, eller som karakteriserer dei verknadene dette har for menneske eller dyr)
Conditions for human beiings
(words about natural events/states related to humans or human activities or constructions, or that characterize the consequenses this has for humans or animals.)
lettang lett føre, serleg om hard snø ; føre etter ein liten snøkave; køyra på so tunt sledeføre at ein ikkje kann lessa; også: berrfrost, frosa jord
brøyt(sl)esnø så mykje snø at ein må brøyte for å kome igjennom
oppebere det at snøen ber det kom frost med o- på våtsnøen ; snøskorpe som ber oppe gå på oppebera; også: tid om morgonen då snøen ber
vabbe(-te) (adj.) om føret: djup snø, tungt føre å gå i (både på ski og til fots)
innesnødd
takras
stolpesnø snø som ein ikkje kan gå normalt i, men må stolpe (= gå med lange stive steg, stabbe; vasse, gå tungt)
magesnø snø som rekk til magen
beltesnø snø som rekk til beltestaden
knesnø snø som rekk til knea
knedjup a. som når til knes, t.d. um snø
leggsnø snø som når opp på leggen
oklesnø snø som rekk til okla
skosnø snølag som rekk jamhøgt med øvre skokanten
solesnø snø som såvidt rekk over skosolane
snøføre høveleg lag med snø på jorda til å køyra på
trugføre høveleg djup snø til å nytta truger
skiføre
sledeføre
slapseføre
surpeføre, sørpeføre
skareføre
rubbeføre
klabbeføre, kladdeføre
klisterføre
skarpt føre
silkeføre
påskeføre
...og mange andre slags -føre
naudbraut (ski)føre der du ikkje kan stola på om snøen ber eller brest ("-braut" av bryte?)
sporsnø snø der spor (t.d. etter dyr) er lette å sjå
smaladrepar vått snølag som frys og dekkjer til utmarksbeitet slik at smalen (småfeet) ikkje får mat lit.: 'small-cattle killer', wet layer of snow which freezes on ground so that the small cattle starves
snømørker, snømørkt lystilhøve når det er (lett) overskya og snø på bakken: alle konturar i terrenget forsvinn/vert usynlege;  "white-out", all countours in the terrain becomes invisible, occurs in (ligthly) cloudy weather and snow on the ground.
("Flatt lys" er det same fenomenet, men i mindre grad: skuggar manglar, men konturane er synlege.)
blindføre =snømørker

 
Formasjonar i/med/av snø, laga av levande vesen (dyr/fuglar eller menneske)
Formations in/with/of snow, made by living beings (animals/birds or humans)
låm, løype track, trail, course
slalåm =hellande løype
"slalom" (exported to many languages), originally: slanting "låm"
far track
spor, dyrespor, fuglespor track, animal track, bird track
bjørnespor bear track
harespor hare track
elgfar elk/mouse track
... alle slags dyre- og fuglespor ... all sorts of tracks after animals or birds

 
Menneskelaga byggverk/formasjonar med snø
Man-made constructions/formations of snow
(remember that snow also is the playground of Norwegian kids)
snøball snow ball, either rolled in the hand for throwing, or rolled on ground to build figures or formations
snøvelte stor snøball, til å lage snømann av
big snow ball, to make a snow man
snøku svært stor snøball laga med rulling i snø; lita snøskrede
very large snow ball rolled in snow, small snow slide
snømann snow man, man-like figure made of snow
snøkone snow wife, figure made of snow
snøfigur snow figure
snøkall snow figure; "kall"= (old) man
snøkjerring snow figure; "kjerring"= (old) woman
snøbjørn snow bear, bear-like figure made of snow
snøhest snow horse, horse-like figure made of snow
snøhund snow dog, dog-like figure made of snow
... nesten uendeleg mange snøfigurar ... almost an infinity of snow figures
snøborg snow castle
snøhus snow house
snøhytte snow cabin
snøblokk snow block (e.g. for building figures or constructions of snow
snølykt snow ligth, a small house of snow with a candle within
skihopp ski jump
iglo snøhus (lånord frå eskimo-språk) igloo, snow house (borrowed from escimo-language)
brøytekant bank of snow e.g. along a road that has been cleared for snow
snøhaug heap of snow
snøbraut f. uppbrøytt veg i snøen; snøkant på kvar side av brøytt veg gjenom snø; cleared path/road/track in the snow; also: ="brøytekant"
snøbarm m. = snøbraut
vinterbraut, vetterbraut snøbraut; også: stjerneformasjon, galakse (Mjølkevegen)

 
Figurar/mønster laga i snøen av menneske
Patterns made by humans in snow lying on ground
snøengel snow angel (made by lying stright down into undisturbed snow ans waving (horizontally) with arms and legs)
trakkarhus teikningar i snøen, t.d. som hus, laga ved å trakke spor
pattern in the snow made by tracking paths
snøhole snow cave
skilåm, skiløype ski track, ski course
dyrgje far etter ski eller slede; også (ski-)renning
track after ski or sledge
meidd far etter slede el. hjul, sameleis etter skier og stokkelass i snø
track after sledge, wheels, timber drawn in snow, etc.
staupe, stoppe djupt far, t.d. etter ski i snø
deep track, e.g. from skies, in snow

 
Ord som er på grensa av å vere "ord om snø"
verknader av at det er eller har vore snø
Words that are at the limit of being "words about snow"
result from snow that is or has been
snøblind snow blind
isbrann ice fire, damage to grass that has been coverd by snow and burned by the sun
snøbroten, snøbrøytt a. snø har brote ned toppar og greiner på tre
snow has broken down tops and branches at trees

 
Ei mengd med ord om aktivitetar på/i snø
A wide variety of activities at/in snow
ake slide, sledge, toboggan, etc.
sile (v.) ake (frå Troms, Nordland)
skie (v.) gå/renne på ski skiing
skigåing skiing
langrenn cross-country skiing
diagonalgang (particular technique in cross-country skiing)
telemark telemark (variant of slalom)
telemarksving telemark turn
kristianiasving sving i slalåm og på sletta under hoppbakken kristiania (christiana) turn, christie, turn in slalom or after a ski jump
snøleik snow play
sledetur a trip in a sleigh
kanefart sleighing
snøballkrig snow ball war
snørydding snow clearing
sjanke, huke, takse, barke, kængle, løe, broie, broise, hæppe, henge etter bil/buss på glatt snøføre og med glatte sko (ord frå ymse delar av landet)
... og mange andre .... and a lot more

 
Ord for mangel på snø
Words for lack of snow
tøya (a.) snøen har smelta bort
the snow has melted away
berr (bar), snøberr utan snø på jorda (helst når det skulle vere snø)
without snow on the ground (at a time it normally should be snow)
berrfrost frost on bare ground
snømangel lack of snow
snølaust no snow

 
Ord som ikkje er ord om snø etter min definisjon,
men som andre har teke med
Words that are not about snow according to my definition, but included by others
is (m.) frose vatn ice (noun)
isa (v.) ice (verb)
isa (a.) icy (adj.,adv.)
frost frost, i.e. temperature lower than freezing point
fryse
spæke, spækt frost, frose
tele ground frost, frosen ground
kulde
vinter
stålis clear, transparent frosen water, e.g. on a lake (exellent for skating)
blankis
istapp
berrisa
nedisa
isblokk
... mange smansetjingar med is ... a lot of combinations with ice
jakel istapp
berrtele
oring
nedfrosen
botnfrosen
grunnfrosen
beinfrosen

 
Ord for vatn som har vore is/snø
Water that has been ice/snow
smeltevatn melt water, water coming from melting ice/snow
takdrypp
brevatn glacier water, i.e., water that is coming from a glacier
breelv glacier river, i.e., a river coming from a glacier

 
Ei mengd med ord om ting vi brukar på/i snøen
A lot of words for things that we use on/in the snow
brøyteutstyr show clearing equipment
(snø-)plog snow plough
skuffe
skyffel
kost
snøfresarrotary snow cutter
.. anna utstyr for å fjerne snow ... other equipment for clearing or (re)moving snow
ski ski
onder (flt.ondrar), andor 1) stutt ski med skinn under for høgrefoten brukt saman med ei vanleg ski på venstrefoten ; 2) vanleg ski
slalåmski slalom ski
skiutstyr, .... ski equipment, etc. ....
slede slegde, sleigh
kjelke, sleigh, toboggan
krubbe eit slag kjelke type of sleigh
pulk (lånord frå samisk) lett slede light type of sleigh (borrowed from sami)
akebrett
akeutstyr
snøbrett snowboard
akeutstyr, ... ..other equipment for sliding on snow
truger
snøsko
snøskuter
beltebil
løpetrakkar
piggdekk
... andre køyrety og utstyr til
køyrety for å fare på snø
... other vehicles and equipment for vehicles for traveling on snow
snøkanon innretning til å lage kunstsnø med; lit. "snow gun", device that makes artificial snow

 
Norske/nordiske ord som er innlånte i andre språk
Norwegian or nordic words that are borrowed by other languages
ski ski (engelsk, tysk, fransk / English, German, French)
sci (italiensk / Italian)
esqui (spansk / Spanish)
skio (esperanto)
innlandsis inlandsis (fransk / French)
slalåm slalom (engelsk, fransk / English, French)
telemark, telemarksving telemark, telemark turn (engelsk / English), télemark (fransk / Franch)
kristianiasving christie (engelsk / English)
...fleire? ... more?

Eg har fått framlegg om å lage lister over stadnamn, plantenamn, dyrenamn, fuglenamn, m.m. som er laga av snø-ord.
Det trur eg at eg overlet til nokon annan.
... men ei lenkje dit kan eg alltids lage.

 



Til denne lista har laga ved hjelp og bidrag frå:
Grunnmanuskriptet
Ivar Aasen ("Norsk Maalbunad", "Norsk Ordbog"),
Peder F. Waage: "Ord og tradisjon", Ulsteinvik 1997,
Nynorskordboka,
dessutan Helga Ertesvåg, Steinar Midtskogen (no.norsk 14. feb. 1997), Oddbjørn Haugen (e-post 8.jan. 1998), Knut Bryn (e-post 20.nov.1998), Karl Sjøen ("smaladrepar", e-post 22.nov.1998), Terje Fredvik (e-post 23.nov. 1998), Håge Tveit (e-post 29.nov. 1998), Tobias Brox ("glarhålke", no.fag.diverse 17. des. 1999), Christina Dahl ("plasksnø", no.fag.diverse 21. des. 1999), Jon Grepstad (e-post 29.apr. 2000), Anne Eilertsen (no.fag.spraak.diverse, 29. april 2000), Kari Larsen (e-post 1.mai 2000), Joachim Lous ("kryne", no.fag.spraak.diverse, 2.mai 2000, e-post), Arne D. Halvorsen (e-post 3.mai 2000), Jon Haugsand ("christie", no.fag.spraak.diverse, 3.mai 2000), Eva Endresen ("sjanke", no.fag.spraak.diverse, 3.mai 2000), Tor S. Mehus ("huke", no.fag.spraak.diverse, 3.mai 2000), Arve Løken ("takse", "barke", no.fag.spraak.diverse, 3.mai 2000), Annette Nordheim ("kængle, no.fag.spraak.diverse, 4.mai 2000), Jørn Helge B. Dahl ("løe", no.fag.spraak.diverse, 4.mai 2000), Monica Gausen ("broie", no.fag.spraak.diverse, 4.mai 2000), Lars Syrstad ("broise", no.fag.spraak.diverse, 5.mai 2000), "Mjau" ("hæppe", no.fag.spraak.diverse, 5.mai 2000), Ivar Svare Holand (e-post 17.jun. 2000), Atle Romøren (e-post 16.nov.2001), Kjellaug R.P("snøtjukke", "snøgrense", "snølinje", "snøkanon", e-post 16.des. 2002), Carl S. Bjurstedt ("snømørker", "snømørkt", "blindføre", ordsmia lister.sprakrad.no 16.apr. 2004), Lill-Anita Horn, (e-post 6.jan. 2005), Roy-Are Stene ("moldfok", e-post 5. apr. 2005), Øystein Kambestad ("naudbraut", "vabbe", "onder", e-post 8. feb. 2006), Bjørn Steensrud (e-post 2.mai 2006)
(nokon eg har gløymt å heidre/hengje ut?).


Kor mange ord om snø det finst i norsk? Du lyt telje sjøl, på den måten du meiner er rettast. Tabellane ovanfor inneheld noko over 400 rader.

Desse listene har vorte til i seine kvelds- og nattetimar. Det forklarar og (vonar eg) orsakar skrivefeil, inkonsekvensar i inndelinga og utegløymingar.
Særleg lista over samansetjingar er langt frå fullstendig. Har du fleire ord, rettingar eller andre kommentarar, kan du altså sende ein e-post til meg Ivar.S.Ertesvag@ntnu.no. Eg freistar å svare alle -- men om det ikkje vert gjort med ein gong, kan det fort dryge eit halvår eller to....