Til historie/ættegransking
Til språksider

Norske ord for/om snø

av Ivar S. Ertesvåg

Drøfting til liste over norske ord om snø.
For å lage ei slik liste, må ein først finne ut kva som kjem inn under denne overskrifta.

1. Kva er "snø"?
2. Kva er eit ord - og kva er eitt ord?
3. Kva er eit ord om snø?
4. Kva er eit norsk ord?
5. Kva er om/for snø?


1. Kva er "snø"?

Svaret på dette er ikkje opplagt. Snø er vatn i fast form, javel.
Kva med overflata av ein innsjø som frys til utan nedbør? 
Det kallar vi is og ikkje snø. Ei istapp er frose (smelte)vatn,
men vi kallar det ikkje snø. Knuser vi is, t.d. for leggje ferskfisk i, 
ser det ut som ei masse av kvite partiklar. Men vi kallar det framleis
berre is, ikkje snø. Kva med tele i jorda? Hakkar vi opp jorda, kan det i 
somme tilfelle sjå ut som skiten snø - utan at vi kallar det snø.
Ein isbre er nedfallen snø som er samantrykt over lengre tid. Dersom vi 
ikkje skal kalle det snø, når sluttar det å vere snø?
Og frostrøyk - ja det er iskrystallar som svevar i lufta. Dersom dei vert 
mange nok, kallar vi det snø -- men når vert det mange nok.
Rim er vassdamp (gass) i lufta som kondenserer direkte til fast stoff 
på ei fast flate (utan å gå vegen om væske), på same måten som fallande 
snø vert danna i lufta. Litt rim kallar vi kanskje ikkje snø, men mykje
kallar vi snø -- og legg det seg på nedfallen snø, legg dei fleste av oss 
ikkje merke til nokon skilnad (fersk rim på snø skal ha ein annan struktur 
enn fallen snø).

Kva med andre stoff? Turris er CO2 i fast form. Det ser ut som snø.
Hydrat er faste stoff som er danna av vatn saman med hydrokarbon.
For olje- og gassindustrien er dette eit problem fordi det kan tette
att røyr og anna utstyr. Eller det kan tette att porar i undergrunnen
slik at dei får ut mindre oljen og gass frå reservoaret.
Der gass vert lagra i store bergrom, kan hydrat verte danna og i spesielle
tilfelle falle ned, nett som snø. Er det då snø?

Til dagleg treng vi naturlegvis ingen definisjon for snø. Men dette
skriftstykket var ikkje meint å vere "nyttig" på den måten.


**Termodynamikk for fuktig luft og snø:


Her høver det med litt termodynamikk:
(For ordens skuld: Eg er professor i termodynamikk ved NTNU. 
Fagområdet femner m.a. om  eigenskapar til stoff (vatn og andre) i 
ulike faser og faseovergangar. Men eg er ikkje snø/is-forskar.)

Som vi veit, kan vatn vere flytande, fast eller ein gass.
Når stoffet vatn er i væskeform kallar vi det vatn.
Det faste stoffet kallar vi is, og gassen kallar vi damp eller vassdamp.
Vassdampen er usynleg. Mange pittesmå vassdropar som svevar
i lufta kallar vi også damp; men det er altså små væskedropar.

Når vi kjøler ned vatn (væske), frys det til is. Når vi kjøler ned
damp (altså den usynlege gassen), kondenserer noko av dampen til væske. 
Slik er det, vel å merke, dersom temperaturen er over 0,01 grader 
celsius. Under 0,01 grader finst det ikkje reint vatn (væske).
Dersom noko av dampen i lufta kondenserer, og temperaturen er under 
0,01 grader, vil dampen felle ut, ikkje som dropar, men som iskrystallar. 
Det skjer altså ein direkte overgang frå gass til fast stoff.
Det vil alltid vera att noko damp i lufta, men mengda minkar med 
lågare temperatur.

Ved oppvarming er det likeins: Aukar vi temperaturen (men framleis under
0,01 grader), kan noko av isen fordampe (sublimere) til gass, utan å gå vegen
om væske. 
Aukar vi temperaturen over 0,01 grader, vil isen smelte til vatn (væske). 
Frå overflata av væska vil noko av vatnet gasse av og verte damp. Aukar vi 
temperaturen vidare, når vi kokepunktet, som varierer med trykket. Her 
vert det også danna gass nede i væska, ikkje berre på overflata. Dette er 
det vi kallar koking.

Det "magiske" punktet, 0,01 grader celsius, kallar vi trippelpunktet.
Ved denne temperaturen (og einast denne) kan vi ha alle tre fasene 
(difor trippel-), altså fast stoff, væske og gass, til stades i jamvekt.
Punktet er uavhengig av trykket, dvs gjeld for alle trykk. 

I lufta er det alltid litt vassdamp, det vil seie vatn i gassform. 
Kor mykje vassdamp det kan vere i lufta, aukar med temperaturen. Når lufta 
vert nedkjølt, vil ho nærme seg grensa for kor mykje vassdamp ho kan ta opp. 
Når ho når denne grensa, seier vi at lufta er metta med damp. Held vi 
fram med nedkjølinga vil vassdampen falle ut, til pittesmå vassdropar 
som svevar i lufta. Dersom det vert mange av desse kallar vi det skyer, 
skodde, tåke  eller  dis -- alt etter tilhøva. Over ei flate av varmt vatn, 
t.d. ein kaffikopp, ser vi slike små dropar som "røyk". 
Små dropar samlar seg til større, og fell ned. 

Dersom det er kaldt, under 0,01 grader celsius (sjå ovanfor), 
vil vassdampen (gassen) falle ut som iskrystallar. Dersom ikkje
isen smeltar før han når bakken, kallar vi det snø.
Dersom bakken er kaldare enn lufta, kan dampen felle ut iskrystallar
på bakken. Dersom det ikkje er snø frå før, kallar vi det rim eller hele.
Rim på snø ser vi ikkje, for det er ikkje noko anna enn snø.

Frostrøyk kan også vere pittesmå vassdropar. Det gjeld frostrøyken
frå pusten vår ein kald vinterdag. Utandingslufta er så varm at
dampen vert til væske, ikkje diekte til is. Men frostrøyk over
ope vatn er ofte fellt ut direkte frå gass til iskrystallar, altså
"snø". 

Fysisk sett er det ingen skilnad på krystallar danna direkte på
faste flater - altså rim - og på snøkrystallar danna høgt oppe som fell
ned.


**To freistnader på definisjon:

A)
Snø er vatn som er heilt eller delvis i fast form
og som  fell eller fyk i lufta, eller som
ligg på bakken eller på/i vatn og har falle eller foke i lufta 
utan at det etterpå eller i mellomtida heilt har gått over i flytande form.

B)
Snø er vatn som er heilt eller delvis i fast form, 
som har vore damp i lufta og som ikkje i mellomtida
har vore heilt flytande på bakken.


Definisjonen tek med
-- vassdamp som har kondensert til fast stoff i lufta nær bakken eller
høgt oppe.
-- vassdamp i lufta som frys på faste flater, utan å først å kondensere 
til dropar (t.d. rim) (ikkje med i A)
-- vatn som frys i lufta, t.d. hagl
-- is som har vorte til ved direkte omdanning av snøkrystallar, 
anten ved høgt trykk (t.d. nede i isbrear); 
delvis tining/frysing inne i snølaget; 
delvis sublimasjon (direkte fordamping frå fast stoff), kondensasjon
og frysing inne i snølaget.
-- kunstsnø frå snøkanoner (under tvil)


Definisjonen held utanfor
-- vatn (væske) som har frose på eller under overflata; dvs is på 
hav/sjø/vatn/elv/dam og tele i jorda; dette gjeld også
smeltevatn som har frose til is att.
-- sjødrev som frys til is i lufta og fell ned (inkludert i A).
-- faste faser av andre stoff enn vatn, slik som hydrat
("snø" av hydrokarbon og vatn) og turris (fast CO2).

-----------

2. Kva er eit ord - og kva er eitt ord?

Dette kan vi diskutere lenge.
2.1: Er snø, snjo, snøv, sne og sny eitt eller fem ord? 
2.2: Er ulike grammatikalske former eitt eller fleire ord?
Døme: Er snø (substantiv), snøe (verb), snøete (adjektiv) eitt 
eller tre ord? Og kva med snøe, snør, snøande, snødde, snødd?
2.3: Er det eitt eller fleire ord når den same bokstavrekkja har ulike
tydingar?
Er kav eitt eller fleire ord; det kan tyde snøkav, havdjup ("fisken ned 
i kavet"), mas og møde ("vi kavar med vårt") og 
heilt igjennom ("kav roten": heilt roten).
Og kva med lav; det er snø som fell tett (lavar ned) eller som ligg på 
tregreiner (lavsnø), det er ei vekst som held til på stein eller tre, 
og det er det motsette av høg.
2.4: Er ei samansetjing eit nytt ord, eller berre to gamle? Er t.d. snø, 
byge og snøbyge to eller tre ord?


----------

3. Kva er eit ord om snø?

3.1: Mange ord som kan brukast i samband med snø kan også brukast
andre samanhengar: Døme er byge (som kan vere snø eller regn), 
vade (som ein kan gjere i snø eller i vatn), 
drev (snødrev, sjødrev, regndrev)
klabbe (som både snø og leire gjer).  Skal vi telje med
snøbyge, snøvad, snødrev, klabbe som 'ord om snø'?

Mange ord nyttar vi om snø, eller i andre samanhengar, utan at vi
direkte seier at det gjeld snø (eller noko anna). Om vinteren
har "godt føre" ei tyding når ein snakkar om ski, ei anna tyding for 
bilkøyring. Oftast har det noko med snø å gjere, utan at vi seier 
noko direkte om det. Om sommaren har det ikkje så mykje med snø å gjere.

3.2: Somme ord er opphavleg snø-ord, men er seinare tekne i bruk
om andre ting. Hagl må vel vere eit døme på eit
slikt ord. Det er små is- eller snøkorn. Men små kuler av bly eller
anna metall, brukt i skytevåpen, vert også kalla hagl (blyhagl,
stålhagl, brukt i haglebørse). Er hagl eit 'ord om snø'?

3.3: Når same 'ordet' (dvs bokstavrekkja, morfemet) har ei
'snø-tyding' og ei anna tyding, er det då eit 'ord om snø'?
Døme: kav og lav (jfr. 2.3 ovanfor). Og vidare: Kva dersom eit
ord har fleire tydingar, men dei ulike tydingane har same opphav?
Kor berrsynt skal det sams opphavet vere, eller
kor langt attende i språkhistoria skal ein gå?

---------

4. Kva er eit norsk ord?

Mange ord er sams innafor det idoeuropeiske, germanske eller
nordiske språkområdet, t.d. snø.
Mange ord er i vanleg bruk, men innlånte i urnordisk,
norrøn, mellomnorsk eller  moderne tid.

Kor gamle må dei vere i norsk bruk, eller kor vanlege må dei vere?
Sannsynlegvis er det fleire norsktalande som kjenner og brukar
ordet "iglo" (frå inuit i nyare tid) enn som kjenner og brukar
"mjell", "imimg" eller "hele" (stend i Nynorskordboka, med norsk opphav).

Ordet "firn" finst ikkje i norske ordbøker, men det finst i svenske.
I Narvik-området er det nytta (årsgamal snø, oversomra snø), 
men litt annleis enn i svensk (kornet snø). Er det eit norsk ord?

Nokre ord er kjende for dei fleste. Nokre er meir ukjende, men stend
i dei trykte ordbøkene. Nokre ord er kjende i mindre geografiske
område. Nokre ord stend berre i ordsamlingar frå 1800-talet (Aasen, 
Ross, m.fl.) og er kanskje svært lite eller ikkje nytta i vår tid.


---------

5. Kva er om/for snø?


Vi kunne ta med

 ord om sjølve stoffet, snøen, anten i lufta eller på bakken
 ord om hendingar eller tilstandar med snø
 ord om vertilhøva eller klimaet som fortel at det er snø-ver
 ord om vertilhøva eller klimaet som fortel at det snart kjem,
eller truleg/kanskje kjem snø, eller kan kome snø
 ord om formasjonar i/med/av snø, anten laga utan medverknad frå 
levande vesen, eller av dyr/fuglar, eller av menneske
 ord om naturlege tilstandar eller omstende som karakteriserer dei 
verknadene dette har for menneske eller dyr
 ord om handlingar menneske eller dyr/fuglar gjer med/på/i snø
 ord om reiskapar/utstyr menneske brukar på/i/med snø
 ...fleire?
Dei siste gruppene er svært omfattande, særleg om vi tek med
samansetjingar (t.d. snøleik, skitur) og ord som også vert brukte 
utan snø er med i samanhengen (t.d. plog).

Kva med ord som gjeld mangel på snø og 
resultat av at det har vore snø?


Lagt ut 19. november 1998, sist endra 1. mai 2005
Ivar S. Ertesvåg HEIMESIDE