Ivar BergInstitutt for språk og litteraturNTNU

Publikasjonar

Dette er ei annotert liste over publikasjonane mine med nedlastbare pdf-filer. Dels er det den ferdige publikasjonen (kopi eller pdf frå forlaget/tidsskriftet), dels (pga. kopirettar) den siste versjonen eg sjølv sit på (postprint), før sats og sistekorrektur. Publikasjonane er delte i

Bøker

2021 Namn langs Orkla. Namnehistorie frå Orkelsjøen til Orkedalsøren.
Stian Hårstad & Ivar Berg. Trondheim: Museumsforlaget. Lenke — Populærvitskapleg bok med stadnamn langs Orkla som utgangspunkt. Me nøstar opp i historia til ulike namna, greier ut om opphav og tyding, og set namna i samband med språk, dialekt og (lokal)historie.
2019 Språket som vart norsk
Oslo: Universitetsforlaget. Nettside Lenke — Ei innføring i den eldre norske språkhistoria med særleg vekt på gamalnorsk og viktige endringar til dei tradisjonelle dialektane. Boka er skriven for innføringsemne i språkhistorie på universitetet, men skal kunne lesast av andre interesserte.
2013 Runestudiar. Festskrift til Jan Ragnar Hagland
Redigert av Ivar Berg, Arnold Dalen & Karin F. Seim. Trondheim: Akademika. — Festskrift utgjeve til 70-årsdagen hans Jan Ragnar Hagland i 2013. Boka inneheld ei samling artiklar av jubilanten om runer, med ei biografisk innleiing og bibliografi over produksjonen hans.
2013 Eit seinmellomalderleg skrivemiljø: Nidaros erkesete 1458–1537
Doktoravhandlinga mi går gjennom tekstane frå erkesetet i denne perioden og drøftar språkforma, skiftet frå norsk til dansk skriftspråk, tilhøvet mellom ulike språk og meir overordna spørsmål om kva rolle språk og skrift spela i samfunnet og i dette skrivemiljøet spesielt. PDF.
Til toppen

Fagfellevurderte artiklar og bokkapittel

2021 Palatalisering av velarer: Historie, variasjon og normering. (I lag med Leiv Inge Aa)
I Kristin Hagen, Gjert Kristoffersen, Øystein A. Vangsnes & Tor A. Åfarli (red.), Språk i arkiva: Ny forsking om eldre talemål frå LIA-prosjektet, s. 19–40. Oslo: Novus. — Me studerer utbreiinga av palatalisering av norr. /ɡ, k/ i dialektane i dialektkorpus og diskuterer tilhøvet til j-skriving i nynorsk. PDF Lenke
2019 Gender and declension mismatches in West Nordic
I Claudia Fabrizio & Michela Cennamo (red.), Historical Linguistics 2015, s. 97–114. Amsterdam: John Benjamins. — I vestnordisk språkhistorie har det vore ein tendens til å samordne genus og bøyingsklasse. Denne artikkelen diskuterer dette, og særleg tilfelle som bryt med hovudmønsteret. Postprint Lenke
2018c Reformasjonen og norsk språkhistorie
Teologisk tidsskrift 7:3, s. 167–176. PDF Lenke — Eit tingingsverk i høve reformasjonsjubileet som avliver myten om at reformasjonen var avgjerande for innføringa av dansk som skriftspråk i Noreg.
2018b Skriftkulturen ved erkesetet i seinmellomalderen
I Erik Opsahl & Øystein Ekroll (red.), Nidaros erkesete i seinmellomalderen, s. 79–103. Oslo: Novus. PDF Lenke — Byggjer på tidlegare arbeid, men legg stoffet til rette for eit ålmennhistorisk interessert publikum.
2018a Geografisk og sosial variasjon. Tida fram til 1600
I Brit Mæhlum (red.), Norsk språkhistorie II: Praksis, s. 165–190. Oslo: Novus. Postprint Lenke — Mest vekt på geografisk variasjon, dvs. framveksten av ulike målmerke som skil norske dialektar, og forsøk på datering av dei.
2017b Business writing in early sixteenth-century Norway.
I Esther-Miriam Wagner, Bettina Beinhoff & Ben Outhwaite (red.), Merchants of Innovation. The Languages of Traders, s. 89–107. Boston/Berlin: de Gruyter Mouton. Postprint Lenke — Om ulike språk i bruk i handel og språkblanding i rekneskapar og liknande tekstar.
2017a Kor gamle er dei norske dialektane?
I Jan-Ola Östman, Caroline Sandström, Pamela Gustavsson & Lisa Södergård (red.), Ideologi, identitet, intervention. Nordisk dialektologi 10, s. 123–132. Helsinki: Helsingfors universitet, Finska, finskugriska och nordiska institutionen. PDF Lenke — Avkok av bolken i Norsk språkhistorie II (2018a) med nokre prinsipielle refleksjonar og somt anna som ikkje fekk plass der.
2016c The making of the Scandinavian languages
I Gijsbert Rutten & Kristine Horner (red.), Metalinguistic Perspectives on Germanic Languages. European Case Studies from Past to Present, s. 35–55. Oxford: Peter Lang. Postprint Lenke — Drøftar når folk byrja å oppfatte norsk, svensk og dansk som ulike språk, og korleis dette heng saman med den politiske historia.
2016b A note on the relationship between Scandinavian and Low German
Journal of Historical Sociolinguistics 2:2, s. 189–210. Postprint Lenke — Argumenterer for at skandinavisk og lågtysk i seinmellomalderen var såpass ulike at dei ikkje var ymsesidig forståelege, slik det har vore hevda.
2016a Ei boksamling frå reformasjonstida og norsk litterær kultur i seinmellomalderen
Maal og Minne 2016:1, s. 1–34. PDF Lenke — Presenterer ei liste over boksamlinga til domkapittelet i Nidaros frå 1550-åra. Ho inneheld moderne europeisk litteratur, men ingen norrøne tekstar. Artikkelen set samstundes dei norrøne og latinske tekstkulturane opp mot kvarandre.
2015b Stages in deflexion and the Norwegian dative
I Dag T.T. Haug (red.), Historical Linguistics 2013, s. 179–194. Amsterdam: John Benjamins. Postprint Lenke — Om kasussamanfallet i norsk; jf. den utvida versjonen på norsk (2015a).
2015a Nokre sider ved det norske kasusbortfallet i seinmellomalderen
Maal og Minne 2015:1, s. 1–35. PDF Lenke — Byggjer på same kjeldemateriale som 2015b, men er sterkt utvida, særleg med data frå norske dialektar.
2014c Mellomnorsk bibliografi
I Tove Bull, Gulbrand Alhaug & Aud-Kirsti Pedersen (red.), Endre-boka. Postfestumskrift til Endre Mørck, s. 365–379. Oslo: Novus. Lenke — Oversyn over arbeid om mellomnorsk språk, tidfest til 1350–1525. Eg prøver å halde denne versjonen oppdatert og tek gjerne imot tilføyingar.
2014b Om normalisert norrønt
Arkiv för nordisk filologi 129, s. 21–54. PDF — Skildrar utviklinga av den norrøne normalortografien i grammatikkar, ordbøker og tekstutgåver, og set dette i samband med dei vitskaplege paradigma som rådde på 1800-talet.
2014a Rural literacy in sixteenth century Norway
I Ann-Catrine Edlund, Lars-Erik Edlund & Susanne Haugen (red.), Vernacular Literacies – Past, Present and Future, s. 125–135. Umeå: Umeå Universitet og Kungliga Skytteanska Samfundet. PDF Lenke — Tek opp kva forhold ålmugen i Noreg hadde til skriftspråk, og ser på den norske språkforma i dei såkalla bondebreva frå 1500-talet.
2013 Variation in a Norwegian sixteenth-century scribal community
I Esther-Miriam Wagner, Ben Outhwaite & Bettina Beinhoff (red.), Scribes as Agents of Language Change, s. 277–290. Berlin: Mouton de Gruyter. PDF Lenke — Avkok av doktoravhandlinga.
2011 Mellom norsk og dansk. Skriftspråk og talemål ikring 1500
I Helge Sandøy & Ernst Håkon Jahr (red.), Norsk språkhistorie i eldre nynorsk tid (1525–1814). Minneskrift for Kjartan Ottosson, s. 17–31. Oslo: Novus. PDF Lenke — Viser nokre døme på kva tekstar, både på norsk og dansk, frå tida ikring 1500 fortel om norsk talemål, og kva ein elles kan bruke dei til.
Til toppen

Lærebokkapittel og annan faglitteratur

2019 Morfologi
I Heidi Brøseth, Kristin Melum Eide & Tor A. Åfarli (red.), Språket som system: norsk språkstruktur, s. 69–99. Bergen: Fagbokforlaget. Lenke — Ei innføring i sentrale delar av norsk morfologi med vekt på generelle prinsipp meir enn komplett oversyn.
2017 Språkhistorie
I Mari-Ann Igland & Mari Nygård (red.), Norsk 5–10. Språkboka, s. 137–151. Oslo: Universitetsforlaget. 2. utg. 2021. Lenke — Eit lite kapittel som oppsummerer ein del lange liner i norsk språkhistorie, skriven til eit læreverk for grunnskulelærar­utdanninga.
2013 Jan Ragnar Hagland – fagleg profil
I Ivar Berg, Arnold Dalen & Karin F. Seim (red.), Runestudiar. Festskrift til Jan Ragnar Hagland, s. 5–13. Trondheim: Akademika. PDF — Omtale (samskriven av redaktørane) av det faglege arbeidet hans Jan Ragnar Hagland, trykt som føreord i festskriftet til 70-årsdagen hans i 2013. PDF-fila har med innhaldslista i festskriftet, som er ei samling artiklar av jubilanten om runer.
Til toppen

Bokmeldingar i fagtidsskrift

2023 Kåre Hoel, Bustadnavn i Østfold. 20. Rakkestad. Utgitt av Tom Schmidt. Oslo: Novus, 2021. 679 sider.
Namn og nemne 40, s. 136–141. PDF Lenke
2019 Bente Lavold & John Ødemark (red.), Reformasjonstidens religiøse bokkultur cirka 1400–1700: tekst, visualitet og materialitet. Oslo: Nasjonalbiblioteket, 2017. 293 sider.
Collegium Medievale 32:1, s. 96–101. PDF Lenke
2016 Ernst Håkon Jahr, Language planning as a sociolinguistic experiment. The case of modern Norwegian. Edinburgh: Edinburgh University Press, 2014. 218 sider, og Språkplanlegging og språkstrid. Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814. Oslo: Novus, 2015. 157 sider.
Norsk Lingvistisk Tidsskrift 34:1, s. 107–116. PDF Lenke
2013 Agnete Nesse, Innføring i norsk språkhistorie. Oslo: Cappelen Damm akademisk, 2013. 229 sider.
Norsk Lingvistisk Tidsskrift 31:2, s. 290–297. PDF Lenke
Til toppen

Populærvitskaplege artiklar, avisartiklar o.l.

2023 Middelalderen her og nå
Erik Opsahl og Ivar Berg. Adresseavisen 28.4.2017, s. 32–33. Lenke — Kronikk om korleis mellomalderen er aktuell i dag, skriven i samband med lanseringa av ei mellomaldersatsing ved NTNU.
2022 Trondheims første norskprofessor: Ragnvald Iversen
Universitetsavisa 3.10.2022. PDF Lenke — Kort omtale av R. Iversen og dei viktigaste faglege arbeida hans.
2021/
2020
Meldalsgrensene for 500 år sidan
Årbok (Meldal historielag) 2021, s. 13–19. PDF — Gjennomgang av ei vitnehøyring om meldalsgrensene i 1529 med merknader om historiske forhold og stadnamna. Artikkelen vart trykt same stad i 2020 (s. 14–17), men ved ein inkurie kom berre første helvta av stykket med.
2020 Kjeldekritisk kongesoge
Dag og Tid nr. 3, 17.–23. januar 2020, s. 27. Postprint — Omtale av Øystein Morten: Jakten på Olav Tryggvason. Vigmostad & Bjørke, 2019. Postprint-fila inneheld nokre arbeidsnotat i tillegg til avisstykket.
2019 100 år med nygamle fylkesnamn
Norsk Tidend 2019 nr. 5, s. 15–17. Postprint Lenke — Om prosessen fram til innføringa av fylkesnamna i 1919.
2018 Namn som kulturelle symbol
Riss 2018 nr. 1, s. 72–80. Postprint — Viser korleis personnamn og særleg stadnamn var viktige i den norsk nasjonsbygginga.
2017 Kristendomen og språkhistoria
Språknytt 2017 nr. 3, s. 24–27. PDF Lenke — Ein stubb om kva rolle kristendomen har spela for det skrivne og lesne ordet i Noreg, skriven i høve reformasjonsjubileet.
2017 Namnet Akrinn på Kalvskinnet
Adresseavisen 5.4.2017, s. 40. PDF Lenke — Lesarinnlegg med kritikk av namnet Akrinn på Teknologibygget ved NTNU på Kalvskinnet. (Biletteksten var det desken som skreiv; det er ikkje mine trykkfeil.)
2016 Då norsk vart eit eige språk
Språknytt 2016 nr. 1, s. 28–31. PDF Lenke — Ein populær versjon av artikkelen «The making of the Scandinavian languages» (2016c ovanfor).
2015 Nokre stadnamn, særleg gardsnamn – og litt om dialekt
Årbok (Meldal historielag) 2015, s. 5–9. PDF — Om nokre stadnamn og uttalen av dei i Meldalen.
2015 Da erkebispen prøvde seg som sjørøvar
Spor 2015 nr. 1, s. 32–34. PDF — Ekstremt tabloid framstilling av kva som skjedde da erkebispens menn kapra framande skip, og folk kom til Noreg for å søkje erstatning.
2013 Sexus, genus, namn og kjønn
Riss 2013 nr. 2, s. 12–17. Postprint — Om sambandet mellom grammatisk og naturleg kjønn, tvikjønna personnamn o.l.
Til toppen

Omsetjingar av norrøne tekstar

Med unntak av Brannkrossetåtten er desse tekstane utgjevne i Islendingesagaene. Samtlige sagaer og førtini tætter, red. av Jon Gunnar Jørgensen & Jan Ragnar Hagland, Reykjavík: Saga forlag, 2014. Lenke Tilvisingar nedanfor med band og sidetal.
Upub. Brannkrossetåtten
Ikkje publisert. PDF.
2014 Soga om Torstein Side-Hallsson
I Islendingesagaene, band II, s. 407—418. PDF.
2014 Tåtten om Torarin Ofse
I Islendingesagaene, band II, s. 443—445. PDF.
2014 Soga om Torstein Kvite
I Islendingesagaene, band IV, s. 301—308. PDF.
2014 Soga om Ølhette
I Islendingesagaene, band V, s. 199—204. PDF.
Til toppen