Ivar BergInstitutt for språk og litteraturNTNU

Undervising


Språket som vart norsk

Denne læreboka i norsk språkhistorie (Universitets­forlaget, 2019) fortel historia om språket me kallar norsk. Ho byrjar på eit tidspunkt då det slett ikkje er opplagt at det var same språket som me brukar i dag, og fylgjer ut­viklinga fram til 1800-talet og dei tradisjonelle dialektane våre.

Boka gjev ei innføring i språkhistorie som fagdisiplin, korleis me kan finna ut noko om eldre språk, og korleis språkhistoria kan forklara trekk ved moderne norsk. Framstillinga fylgjer hovudlinene i utviklinga av både skrift og tale, med ekstra vekt på to emne:

  • Gamalnorsk, med eit oversyn over grammatikken og nokre tilrettelagde lesestykke.
  • Mellomnorsk, med gjennomgang av nokre viktig språkendringar me møter att som «målmerke» i dialektologien.

Boka er skriven for norsk- og nordiskstudentar på uni­versi­tet og høgskular. Sentrale omgrep vert forklarte undervegs og i vedlegg om grunnleggjande grammatisk terminologi, så jamvel om nokre delar (gamalnorsk grammatikk, ljodutvikling i mellomnorsk) er litt tek­niske, kan mesteparten lesast også av den interesserte ålmenta.

Tilleggsressursar