On Thu, 25 Jan 2001, Bård Kjos wrote:
> Den dagen et universitet ikke fungerer, vil DET OVERLIGGENDE NIVÅ (les:
> departement/Storting) kunne avgjøre at universitetet bør legges ned.
Eg vil vona og tru at den dagen Kollegiet ikkje fungerer pga.
_personkonfliktar_, vil departementet i høgda syta for at Kollegiet vert
skift ut, ikkje at det vert fjerna som organ.
Me har vel sett døme på slikt tidlegare, at eit styre i ei statleg bedrift
ikkje fungerer. Staten plar ikkje leggja ned bedrifta då, men vel i staden
å skifta ut styret.
Det er vel elles vanleg at bedrifter har ein personalpolitikk, og at dei
grip tak i personkonfliktar på ein eller annan måte. Om ikkje alltid på
den beste måten, so i alle fall «på ein måte».
Jardar
This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET