SV: Naiv teknologioptimisme?

From: Ottar Solberg (ottsolbe@online.no)
Date: Sun Jan 23 2000 - 23:34:28 MET


Takk til Randen for eit ettere mi meining nokså realistisk innelgg om teknologi. Eg har vore med i dataverda i godt over 30 år no. Visst skjer det store ting på det feltet.
Men kva gjer det med samfunnet? Kva positivt, og kva negativt? Og ikkje minst kva gjer det ikkje?
Slike spørsmål må vi alltid stille oss.
Vi må ikke verte tekonologi fikserte. Ikke tru og stole på at dei nye tekniske nyvinningane løyser alt. Eg har hatt eit par innlegg om det årsskiftet vi nett har hatt og alt det oppstyret som har vore rundt det. Det som undrar meg mest er korleis opplyste og skolerte forlk som IT-folk vel er skal bli fulle av så mykje overtru. Brukar ein den sokalla 80/20 regelen, så vi eg påstå at 20% av det som kom inn undet Y2K-problematikken ( det var visst det det vart kalla) hadde noko med verkelegheia å gjere, resten, 80%, var rein og sjkær overtru. På linje med å tru at toreslag er når Tor er ute og kjøyrer med bukkane sine.
Når det gjelt IT og produktivkreftene er eg meir samd med Randen enn Steigan for å seie det slik.
Ein annan ting rundt det å overlate alt fullt og heilt til teknologien:
Vi har for kort tid sidan hatt ei tragisk tog-ulukke på Rørosbana, ei av dei minst trakkikerte toglinene her i landet. Hadde det vore innørt teknologi med automatisk togstopp så hadde sikkert ikke ulukka hendt. Og det er ikke slik at ulukka skjedde fordi lokføraren kjøyrde mot raudt lys. Ulukka skjedde nok fordi NSB ( det er visst ikje så enkelt lenger at det er NSB som har alt med togtrafikk å gjere lenger, men la gå) ikkje har prioritert sikkeheit høgt nok på Rørosbana.
Men kva er høg sikkerheit? Er det ATS, eller er det å la lokføraren vite meir om kva andre tog som er ute å kjører på lina, gje lokføraren meir høve til å kunne påverke at det skal være sikkert å kjøre tog. Kanskje det ikkje gjer betre sikkerhet i togtrafikke å eliminere dei menneskelege faktoraen, kanskje det å ta i bruk dei menneskelege faktiraen gjer større sikkeheit.
(Det har komme fram at på den mest traffikerete toglina i Norge, Oslotunellen, er ATS-systemet vore utkopla i lang tid).

Ottar Solberg



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:10 MET