Alle aviser og blad eg les, har ein del stoff som ikkje interesserer meg, og
det blar eg forbi. Slik er det også med kultursidene i KK. Om dette stoffet
kan glede andre lesarar, så er det greitt for meg.
Noko slikt skreiv eg då den første versjonen av oppropet kom i KKF.
Samstundes foreslo eg nokre forbetringar i teksten. Det vart vel oppfatta
som støtte til innhaldet, og namnet mitt kom med på lista. Eg let det stå,
sidan eg også hadde ein del sans for argumentasjonen i oppropet, men innser
no at det var ein tabbe.
I staden vil eg støtte det som Torgny Hasås skreiv i KKF i går. KK
presenterer seg på Internett som "venstresidas dagsavis", og bør prøve å bli
eit endå betre verkty for venstresida. Redaksjonen treng sikkert meir
ressursar, men bør også sjå kritisk på den måten dei bruker ressursane på. I
oppropet og debatten har det kome fram ein del eksempel, ikkje berre på
"kvasi-intellektuell tåketale", men på stoff som ikkje forsvarar plassen
sin i KK. Eg ber ikkje om sensur, men om ei betre redaksjonell prioritering.
Lars Staurset