Joa, Svein, fint med *stimulerende assosiasjoner*. Men, du skjønar, mange
av oss på KK-forum har eit *politisk* utgangspunkt for vår kritikk av
Klassekampen. Ofte er den politiske ståstaden vår slik at han
harmonerer mykje med avisa sin føremålsparagraf, som er såkalla
revolusjonær. Vi vil altså at avisa skal bidra til ei sosialistisk
omvelting av samfunnet.
Difor er det slik at mengden stimulerande assosiasjonar
hjå dei akademiske lesarane ikkje er eit relevant parameter for meg
(oss?) i denne diskusjonen. Ikkje i det heile teke. Null, nix, nada.
Sorry, den slags takhøgde lyt det dritast i, det er ikkje relevant
for ordskiftet.
Masgnus E Marsdal