Eg er lei for at Karsten V. Johansen oppfattar innlegget mitt slik, men den
som slenger ut skuldingar om opportunisme m.m., må tole litt sjølv. Kan den
første setninga ("Eg har visst trampa på ei politisk tå???") ha stengt
for resten av lesinga? Er språkleg krydder som ordet "fy-ting" eit teikn på
useriøsitet? Skal dette forumet berre bruke dei kjende og kjære orda frå
grunnsirkelen?
Johansen bør også lese sitt eige innlegg av 28.9. omatt -- det er mykje
engasjement der, men ikkje lett å få tak i kva han meiner. Det siste
innlegget er noko betre, og eg trur ikkje vi er så langt frå kvarandre i
sak.
>Vi må ikke formulere vår politikk med tanke på hva som er *populært*, men utfra hva
>analysen viser er nødvendig og riktig. Først i MÅTEN vi fremmer vår politikk på, må vi
>selvfølgelig ta hensyn til folkestemningen.
Heilt samd, men med dette tillegget: Vi skal ikkje berre "ta hensyn til
folkestemningen", men gje bodskapen vår ei form som treffer publikum. Det er
ikkje alltid lett, som også denne diskusjonen viser.
For min del avsluttar eg diskusjonen her, for eg har andre ting som hastar,
og vi kjem neppe vidare på denne måten.
Lars Staurset