Ikkje berre gjer han bra greier på NRKTO (i motsetnad til visse andre
som ikkje klårer den mest opplagte og elementære mental-helse-lindrande
progressive og naudsynte oppgåva som nesten alle andre klårer, nemleg å
banka den dekadente Erling Fossen når ein fyrst skriv om programmet
Puck), han gjev oss snacks om dei Aust-Europeiske trekka til ARK, og han
gjev oss ting slik som side 9 i dag: Analyse av utviklinga av "Dagbladet
hjelper DEG!"-møkka. Maks.
Selsjord er etter det eg kan sjå ein kulturjournalist i KK som skriv om
politisk viktige ting. Ikkje berre er slikt ekstremt verneverdig i våre
dagar, det burde vara ei kjelde til inspirasjon for andre.
Jepp.
Magnus Engen Marsdal