10.000-kroners-spørsmålet er no: Kan det tenkast ein europapolitikk som
kjem i strid med denne setninga? At folket sa nei, er jo eit faktum, enten
dei likar det eller ikkje.
Kva om dei sa: "At olja er under havbotnen, er grunnlaget for oljepolitikken
vår i neste periode." Ville det vere til hinder for å prøve å få olja opp?
Synest du dette er å dra orda etter håret, så hugs kva som hende i forrige
stortingsperiode. Ein lovnad om å ikkje endre Noregs forhold til dåverande
EF, var ikkje til hinder for å bli med i den indre marknaden gjennom
EØS-avtalen.
Politikarar er ekspertar på formuleringskunst. Ville dei ha laga ei utvetydig
formulering, så hadde dei sagt f.eks.: "Noreg skal ikkje søke om
EU-medlemskap i neste stortingsperiode."
(Frå Lokallagsavisa, internt informasjonsblad for Møre og Romsdal
Nei til EU.)
Lars Staurset, nestleiar i MR NTEU