Du finn EU-motstandarar blant alle desse gruppene du nemner.Er desse ikkje
gode nok folk i eit slikt nytt avisprosjekt?
>Problemet til KK i dag er ikkje at avisa er for
>venstresekterisk. Problemet til KK er ho ikkje er klårt nok definert som den
>nisjeavisa ho MÅ vera: Systemkritisk, antisnobbete, revolusjonær. Avisa er
>IKKJE LANGT NOK TIL VENSTRE, og truleg heller ikkje "bra" nok, på ein del
>område.
Problemet til Klassekampen er at den ikkje har stor nok rekkevidde.
>Dette er i ein situasjon kor AKParar sit med aksjemajoriteten i KK. Kva vil
>henda dersom ein tek ny kapital, nye miljø, ny makt, som høyrer til godt til
>høgre for dagsens eigarar?
AKParar kan sitja med så mykje aksjemajoritet dei vil. Dersom tida krev ei
ny politisk og kulturell avis med anti-EU-profil så kjem den. Det er bare å
nemna aksen Senterpartiet-SV/Ny Tid-Framtida i våre hender,osv. for å sjå
at vilkåra finst. Senetrpartiet er idag den leiande politiske krafta i
norsk samfunnsdebatt.Men problemet til partiet er fotfeste i byane.Nationen
blir mediamessig ei for trang ramme for Senterpartiet. Her vil Kristen
Nygaard med sin avisprosjekt-ide kunna vera eit glimrande utgangspunkt for
ein allianse for Sp. Eigentleg blir det eit spørsmål om Kl.k. vil isolera
seg sjølve frå det interessante som kan skje i vårt land på den politiske
mediafronten. Og redaktøren for eit slikt avis-prosjekt finst alt på den
frie marknaden, Sigurd Allern. Ei sterkare og meir røynd redaktør for eit
slikt avisprosjekt finst vel ikkje?
>Ein ting er at detta kan tyda døden, opplagsmessig og økonomisk,
.....
>Det som er enno verre er at det VIL tyda døden politisk.
>Magnus Engen Marsdal
Avisa Klassekampen kan forsvinna enten den blir med på eit slikt prosjekt
eller ikkje.
Alf Lejon