Kven er det som skal samla seg i denne "radikale" avisa? Nei-sida?
Reformistar, storbønder, arbeidarar, revolusjonære, fiskarar, småbønder og
feministar altså? Og SV?
Eg er heilt samd i at ein bør ta slike idear, om å laga ei større og breiare
opposisjonell dagsavis på alvor, men eg trur det er laaangt at før det er
lurt å satsa på. Problemet til KK i dag er ikkje at avisa er for
venstresekterisk. Problemet til KK er ho ikkje er klårt nok definert som den
nisjeavisa ho MÅ vera: Systemkritisk, antisnobbete, revolusjonær. Avisa er
IKKJE LANGT NOK TIL VENSTRE, og truleg heller ikkje "bra" nok, på ein del
område.
Detta er i ein situasjon kor AKParar sit med aksjemajoriteten i KK. Kva vil
henda dersom ein tek ny kapital, nye miljø, ny makt, som høyrer til godt til
høgre for dagsens eigarar? Eg trur gravitasjonen som trekk KK mot den
kulturen og politikken som er hegemonisk vil bli kraftig styrka.
Ein ting er at detta kan tyda døden, opplagsmessig og økonomisk, folk les
heller det "kritiske" stoffet i Dagbladet laurdeg, A-bladet utanriks og
Dagens Næringsliv. Det som er enno verre er at det VIL tyda døden politisk.
Skiljet mellom revolusjonær og reformistisk er ikkje ein gradsskilnad.
Heller ikkje når ein lagar avis.
Magnus Engen Marsdal
>
>
>
>
>
>