At 18:31 11/08/96 +0200, you wrote:
>(DEBATT-INNLEGG TIL KLASSEKAMPEN)
>
>MEN KAVA MED KLASSEKAMPEN?
>
>Laurdag 3. august var det nyvalt leiar i Sosialistisk Ungdom, Heikki Holmås,
>som hadde æra av å vera den laurdagsportretterte i Klassekampen. Den venta
>refleks-reaksjonen frå ein Raud Ungdommar som meg på dette er truleg "Jaha,
>SU-leiaren er interessant å portrettera, men RU-leiar Michelet er vel for
>"forutsigbart" for "vår" avis? Alle andre (VG og TV2 t d) har vore langt
>meir opptekne av RU-landsmøtet, men i den "revolusjonære" dagsavisa er det
>Solheim-ungdommen som får boltra seg..." Eg skal la dette ligga, eg meiner
>det er heilt på sin plass og ei rett prioritering å laga portrett med ein
>mann som Holmås.
>
>Det eg ikkje vil la ligga er: Kva er det KK spør nyvalte SU-leiarar om?
>
>Eg er ikkje kompetent til å skriva ein "kritikk" av portrettet som sådan, og
>det er ikkje den formmessige eller språklege sida av journalistikken eg er
>ute etter. Eg er ute etter det som skal skilja KK frå andre aviser, det som
>skal gjera KK til ei revolusjonær avis, det som skal gjera KK så annsleis og
>kritisk at folk gidd å tinga avisa. Eller, i dette høvet, mangelen på slikt.
>
>Eg meiner det er KK si oppgåve, når det blir laga portrett av ny SU-leiar, å
>stilla spørsmålet om reform eller revolusjon. Forfattaren Jan Myrdal skreiv
>i sin KK-kronikk same dag som Holmås-portrettet: "For en stor del kan
>nederlagene - dette unødvendig blodige århundre - forklares med splittelsen
>mellom reformister og revolusjonære." Eg er heilt samd i at spørsmålet om
>reform eller revolusjon er eit av dei største spørsmåla i vårt århundre, og
>det er kampen om dette spørsmålet som i utgangspunktet var, og framleis er,
>sjølve eksistensvilkåret for avisa Klassekampen. Diverre er ikkje dette
>spegla i intervjuet med SU-sjefen. Alt vi får er:
>
>"-Hva mener du med radikal politikk og sosialisme?
>-Du spør om vårt sosialistiske samfunn, sier Heikki og gliser.
>-Vi må tilby noe bedre, slår han fast, og snakker om ressursfordeling og
>miljøpolitikk. Om demokratisk kontroll med store banker. Om samfunnets beste
>framfor bedriftens. Om at folk skal ha innflytelse."
>
>Dette er alt, bortsett frå at vi får høyre at Holmås etter alt å døma "trur
>på staten", og at "skal folk få tillit til staten, må staten oppføre seg
>skikkelig". Resten dreier seg stort sett om NGS, karriere, rollespel,
>PR-kåtleik, Bergen, buekorps og Heikkis vinnande vesen. Eg kritiserer på
>ingen måte at dette er med i portrettet, eg kritiserer Den Store Mangelen.
>
>For kva er det av sitatet ovanfor som ikkje kunne stått i Arbeiderbladet,
>eller Aftenposten? Kva er det i heile det to-siders intervjuet som ikkje
>kunne stått i Arbeiderbladet eller Dagbladet? Kva er Klassekampens politiske
>profil? Kva er det KK skriv om og spør om som gjer avisa til eit produkt
>folk har bruk for? Og kva er det i dette intervjuet som syner at KK er ei
>kritisk avis, serleg andsynes folk i topp-posisjonar, om det er i DNA,
>Naturvernforbundet, RV eller SU? I dette høvet meiner eg nett spørsmålet om
>reformismen fører fram eller er "konserverande" ville vore eit glimrande
>utgangspunkt for eit kritisk og sers interessant intervju med ein nyvalt
>SU-leiar. (Det manglar heller ikkje på gode springbrett, fyren har jo Marx
>på veggen og snakkar både om "vårt sosialistiske samfunn" og at staten må
>"oppføre seg skikkelig".)
>
>Kva er det som gjer at Klasskampen i sitt SU-leiar-portrett i 1996 ikkje
>stiller spørsmålet om reform eller revolusjon? Dette må Klassekampen sjølv
>svara på. Ikkje journalisten, for dette er ikkje eit individuelt spørsmål,
>leiinga for redaksjonen må svare på dette spørsmålet. Eg trur òg at mange
>vil vera interesserte i å høyra kva leiinga av redaksjonen meiner om Den
>Store Mangelen, og om den politiske profilen til Klassekampen. Kor vil
>avisa? Kor vil vi?
>
>Kameratsleg helsing
>
>Magnus Engen Marsdal
>
>
>