Det går ikke an å bruke 'medvinden' fra Lund-rapporten til å kreve mer
åpenhet rundt arbeidet til Aukrust-utvalget?
Øyvind Eide
Dette er eit godt poeng. Bladet Computerworld Norge har omtala
Aukrust-utvalet fleire gonger, m.a. i nr. 19 (15. mai). Utvalet foreslår at
teleoperatørar skal påleggast å tilpasse nye telesystem til politiet
sitt "avlyttingsbehov". Det er plagsamt for avlyttarane at dei ikkje har
kontroll over GSM-mobiltelefonar og krypterte datasamband.
Aukrust-rapporten er delvis hemmelegstempla, men både
Computerworld og somme stortingsrepresentantar har prøvd å få ut
informasjon. Justisdep. er lite villig til å svare. I desse Lund-tider er
det pinleg å legge fram slike forslag. Desto større grunn til å krevje
rapporten på bordet!
Lars Staurset