Re: Mao

Finn Sindre Eliassen (finn@alesund.fylkesbibl.no)
Mon, 29 Apr 1996 12:44:12 +0200 (MET DST)

Hei!

Eg skreiv altså at Stalin og andre sosialistiske leiarar til liks med
politikarar elles må bedømmast i tilknyting til verkelege politiske
spørsmål i tida personane levde.
Stikkord: Stalin og Moskvaprosessane; Mao og Kulturrevolusjonen.

Trond Andresen finn det tragisk at ikkje all dokumentasjonen om
katastrofar og overgrep i Kina på femtitalet og i Sovjetunionen gjer
inntrykk. Ja, at dokumentasjonen om stalinske massegravar prellar visst
av på meg og andre.

Tja eg veit ikkje heilt. Det ikkje slik at våre motstandarar alltid
tek feil i alt. Eg trur, men veit ikkje naturlegvis, at mykje av det som frå
borgarleg hald er skrive om Stalin er rett. Den mest effektive
propagandaen bør gjerne ha ei faktisk kjerne. Jamfør det som tysk
propaganda i siste verdkrigen sa om den britiske politikken i India.
Ikkje mykje gale i det. Men det betydde ikkje at det var Hitler som hadde
rett.

Men der er eit underliggande raseri i Trond Andresens tekst som eg
kjenner igjen i tallause debattar om sosialismens historie i
Klassekampen, Raud Fane og Dagbladet for den del. Raseriet er vanskeleg å
forstå. Denne tonen gjer det vanskeleg å debattere fornuftig.
Når Andresen også tydeleg er dødeleg fornærma over behandlinga han fekk i
AKP på 70-talet, ein kort mannsalder tilbake i historia, så vil eg meine
det er meir tragisk enn å etterlyse edruelegheit og perspektiv i debatten om
klassikarane i sosialismen.

Arthur Koestler skapte seg levebrød, rett nok eit tarveleg levebrød, på å
produsere artiklar og bøker der han broderte ut kor dårleg han blei
behandla av sosialistar på 30-talet. Hadde ikkje den kalde krigen kome
på 40-talet, skal eg vedde ein ballong kvitvin på at figuren Koestler i
dag hadde vore gløymd.

Eg samanliknar ikkje Andresen og Koestler i eitt og alt. Det er ikkje
poenget.Men eg spør, kor lenge skal Andresen skrive om djevelskapen og overgrepa på 70-talet i
AKP, på trettitalet i Sovjetunionen og på femti- og sekstitalet i Kina.
Som om det ikkje var ein klassekamp som gjekk føre seg då som no.
Når vil Trond Andresen ta til å diskutere politikk?

Er Trond Andresen psevdonym for Harald Skjønsberg, eller ser det berre
slik ut?

Helsing Finn sindre Eliassen