Kultur-politikk debatt/KK

Georg Arnestad (Georg.Arnestad@vf.hisf.no)
Sat, 23 Mar 1996 13:48:47 +0100

Eg har meldt meg paa dette forumet mest ut fraa ein viss nysgjerrigheit.

Eg heiter Georg Arnestad, og arbeider som forskar ved Vestlandsforsking i
Sogndal. For det meste driv eg meg forsking og utgreiing innan omraadet
"kulturpolitikk"; eit lite, men veksande forskingsomraade. Det er saerleg
forskarar ved dei regionale institutta som er mest engasjerte i dette. Eg
arbeider m.a. med analysar av norsk statleg og regional kunstnarpolitikk. Eg
er vidare redaktoer for eit kulturpolitisk forskarnettverk, som gir ut
bulletinar, skipar nettverskonferansar m.v.

Eg redigerer dessutan ei aarleg bok som heiter "Kulturaarboka"; neste
utgaave kjem ut i april (Kulturaarboka B496). Boka inneheld bl.a. artiklar
om
"fattige kunstnarar ?", og "biletkunstoekonomi", "teaterpolitikk",
"kulturprisar" m.v.

Gjennom dette nettverket har det alt kome synspunkt paa KKs
kulturjournalistikk. Eg synest denne er svaert "elitistisk" og speglar i
liten grad av det som roerer seg innan norsk kulturliv. Kulturpolitikk er
avisa ikkje interessert i; med unntak kanskje av kunstnarpolitikk, der ein
er veldig opphengd i linja fraa 1970-aara, medan "virkeligheten" (ogsaa for
kunstnarar) har endra seg dramatisk. Kanskje kan dette betre seg no naar
avise skal skifte kulturredaktoer?

Eg let det vere med dette i denne omgang.

Men eg nemner til slutt at eg er interessert i aa knyte til meg moglege
"kulturskribentar" til arbeidet med framtidige kulturaarboeker; kanskje
finst det nokon slike i tilknyting til dette nettverket??

Georg Arnestad