Elles trur eg ikkje det har så mykje for seg å debattere dette på KK-forum, der eg reknar med at 99,99% av deltakarane er rimeleg klåre på spørsmålet. Les i staden fråsegna om dette emnet ein gong til Oddmung!
"Forsøka på å få reforhandla avtalen med EU om grensekontroll av mat,
stør vi fullt ut. Det er ei viktig sak å få ordna dette til beste for
landet slik at vi ikkje utset befolkninga for dei same risikoane som om
vi var eit EU-land. Fjerning av grensekontroll, kombinert med auka
handel, kan få uoverskuelege konsekvensar for næringskjeda - vi vil bli
utsette for meir smitte og fleire bakteriar som er resistente mot
antibiotika.
Uavhengig av reforhandling av EØS-avtalen, er ei merking av utanlandsk
kjøt heilt fram til forbrukar etter vårt syn ein minstekrav no, slik
at dei som vil, i alle fall kan velje bort dette kjøtet."
MHH Olve Steinset