Re:_SV:_Årsmøte_i_Møre_og_Romsdal_Nei_til_EU

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Wed, 19 Nov 1997 16:41:51 +0000

Le 19 Nov 97 =E0 14:30, Olve Steinset a écrit:

> Kan henda vert du noko mindre provinsiell dersom du busett deg
> utanfor noreg sine grense,

Å, det var ikkje det som var poenget mitt...

> men det er og det einaste - nokon betre
> analytikar, eit klokare menneske tiviar eg på om du vert av det å
> leine - heller ikkje du Oddmund Garvik. Eg vil meine det kan gjeva
> grunn til ettertanke at Sverige måtte dompa 70% av sitt importerte
> kjøtt frå FRANKRIKE grunna smitte - tross den framifrå kontrollen du
> skriv om, og på tross av at vi her oppe er så provinsielle. Berre
> nevner det!

Eg tek ikkje på meg å vera ein "betre analytikar, eit klokare
menneske" eller noko som betre er. Dette med det franske kjøtet i
Sverige kan eg ikkje ta stilling til. Det er no helst engelsk kjøt som
blir dumpa no for tida. Eg veit det har vore "eksportert" engelsk kjøt
via Irland og Frankrike, og som deretter har gått for å vera irsk
eller fransk, men det er ei anna soge. Framleis held eg på at
kvaliteten på matvarene her i landet er svært god, og at EU ikkje
nødvendigvis får "uoverskuelege konsekvensar for næringskjeda - vi vil
bli utsette for meir smitte og fleire bakteriar som er resistente mot
antibiotika."

Det er kortare veg frå Frankrike til Sicilia enn frå Noreg, men det
finst organiserte kjeltringar som omgår lovverket i alle land. Dette
er ein del av den kapitalistiske jakta på maksimal profitt. Det har
ikkje i og for seg noko med EU å gjera.

Med helsing

Oddmund Garvik