SV: Kampen mot Hagen

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 19 Nov 1997 11:56:15 +0100

Pål Steigan har teke initiativet til ein svært viktig debatt her på forumet. Eg oppfattar problemstillinga tredelt: ei politisk analyse av Hagen (eg delar her Pål sine synspunkt i grove trekk), venstreintellektuelle sitt syn på/tilhøve til einskildmenneske i arbeiderklassen (for meg er dette den viktigaste delen av Pål sitt innlegg, eg kjem attende til kvifor) og til sist korleis skal vi agitere for vårt politiske alternativ i dagens samfunn (dette er etter mitt syn ein svær bolk, det handlar om form (vårt språk, korleis ein opptrer, popularisering av bodskap etc, etc), innhald (kva vi formidlar), truverd (samanhengen mellom teori og praksis) og mykje, mykje meir).

Eg vonar at dette ikkje blir ein intellektuell debatt om rett analyse av Hagen sin politiske karakter, om det er rett eller galt å trekke liner til Khomeiny, Adolf Hitler, Det Tyske Nasjonalsosialistiske Arbeiderpartiet eller liknande. Det vert, etter mitt syn, på ny "bare å angripe demagogen", for å sitere Pål. Det viktige er at ein i grove trekk innser den politiske faren Hagen og Framstegspartiet representerer - ikkje detaljar i analysar.

I denne omgang vel eg å konsentrere meg om dei to sistnemde problemstillingane.
Dette er eit av dei områda eg hevdar det er ei avsporing å nytta omgrepet "vi". Kvar og ein må vere viljug til å gå i seg sjølv, vere viljug til å våge testa ut sine eigne forestillingar og mytar om "folk ein ikkje vil bli samanlikna med". Korleis ein ser på si eiga rolle som "lærd" i høve til "dei uvitande". Kan hende meinte Pål Steigan noko anna enn kva eg her vel å legge i det, når han skreiv, sitat: "..... at de skjønner at det er dem vi snakker til.", likevel vil eg bruka det som eit poeng. Det er ein stor skilnad på å "snakke til" og det å "snakke med". Eg skal vere varsam med å psykologisera dette, likevel vil eg hevda at mykje av skilnaden - retorisk - på Hagen si form i høve til andre agitatorar i norsk politikk ligg nettopp her. Ofte høyrer eg det vert sagt: "Han snakkar så folk kan forstå kva han seier" - ei oppleving av å bli snakka med - om den er aldri så subjektiv, ei oppleving av nærleik, ei oppleving av "vår talsmann". Ingen likar å bli snakka "til" utan sjølv å få ha
definert sitt kunnskapsbehov - dessutan vil eg hevda at det er langt meir utfordrande å snakke med folk enn å snakke til dei. Den "fysiske" avstanden mellom "snakke til" og "snakke med" - er ofte avgjerande for kven som er "med oss" eller "mot oss". Aslak Sira Myhre klarte med si form å oppnå noko av den effekten eg meinar det ligg i å snakka med folk.

Ofte er mi oppleving, hjå dei eg talar med og omgåast, at dei er svært konkrete og lite abstrakte i sitt forhold til politisk innhald - dei er opptekne av dei konkrete resultata her og no og i den nære framtid. Dei er søkjande i høve til kva slags politikarar dei kan stole på i den samanheng. Skal vi verta deira tillit verdig, og eg meinar faktisk at det er det dette spørsmålet handlar om, lyt vi fylle vårt budskap med mindre politiske abstraksjonar og meir konkret innhald om dagen i dag og den nære framtid. Det handlar ikkje om å tapa visjonen av syne, men om å gjera seg truverdig her og no - truverdig i høve til å vera opptatt av anna enn dei "store linene". Eg seier ikkje at det berre er slik, at me er abstrakte og langt frå folk, Torstein Dahle er eit glimrande døme på at det faktisk let seg gjera å bli slik tillit verdig - og fleire med han. Når Hand Ebbing skriv, og eg er samd med han i dette, sitat: "Thorstein Dahle, som i lokalpolitikken i Bergen er så populær at han nærmest s
tår over klassemotsetningene her borte", ja - så handlar ikkje det om at han er blitt meir lik Hans Ebbing, men om at han viser interesse for folks kvardag her og no - han snakkar *med* dei - ofte handlar dette og om å lytte til kva som faktisk vert sagt.

Kan hende har eg her, nok ein gong, ridd ein av mine kjepphestar - det får så stå si prøve. Kampen mot Hagen meinar eg handlar i stor grad om kven som vinn folks tillit og visar seg den verdig, mein enn om å avsløre og propagandere kva Hagen står for - det handlar om å få snakka med folk som har øyrene opne og er viljuge til å lytte til vår bodskap.

Eit GLIMRANDE utspel Pål!! Mykje kunne eg ha kommentert - men dette er for langt allereie.

MHH Olve Steinset