rsmøte_i_Møre_og_Romsdal_Nei_til_EU

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 19 Nov 1997 10:24:08 +0100

Fråsegn frå årsmøtet i Møre og Romsdal Nei til EU, 15.11.97

Tittel: Positivt frå regjeringa

Nei til EU i Møre og Romsdal er nøgd med at vi no har fått ei regjering
utgått frå sentrumspartia, som òg er nei-parti. Stortingsfleirtalet er
etter dette valet framleis dominert av ja-sida, og det gjer sjølvsagt at
det vert avgrensa kva den nye regjeringa kan få til av omleggingar av
politikken i høve til EU.

Vi ser likevel positive signal frå den nye regjeringa, og stør fullt ut
dei forsøk som no vert gjort på å få vurdert om Schengen/Amsterdam-
avtalen er lovleg etter Grunnloven. Det skulle sjølvsagt vore gjort før
saka vart kjørt igjennom i Stortinget.

Forsøka på å få reforhandla avtalen med EU om grensekontroll av mat,
stør vi fullt ut. Det er ei viktig sak å få ordna dette til beste for
landet slik at vi ikkje utset befolkninga for dei same risikoane som om
vi var eit EU-land. Fjerning av grensekontroll, kombinert med auka
handel, kan få uoverskuelege konsekvensar for næringskjeda - vi vil bli
utsette for meir smitte og fleire bakteriar som er resistente mot
antibiotika.

Uavhengig av reforhandling av EØS-avtalen, er ei merking av utanlandsk
kjøt heilt fram til forbrukar etter vårt syn ein minstekrav no, slik
at dei som vil, i alle fall kan velje bort dette kjøtet.

Nei til EU vil framleis vere årvaken i høve til regjeringa. Vi veit at
EU har stor påverkingskraft, og vil på ingen måte gi den nye regjeringa
noka blankofullmakt.

Årsmøtet i M&R Nei til EU vonar òg at den nye regjeringa vil legge opp
ein asyl- og flyktningepolitikk med eit menneskeleg ansikt, og ikkje
slik som AP-regjeringa i alle saker bytter ut hjartet med
lommekalkulatoren.

Årsmøtet i M&R Nei til EU 15.11-97

-----------------------------------

Dette er også sendt til Klassekampen.

Lars Staurset