Frederick S. Perls skreiv i sin sjølvbiografi "In and Out the Garbage Pail" følgjande, oversett til norsk: "Ord har ikkje større makt/tyngde enn kva mottakaren tillet", stundom kan det ha noko føre seg å reflektere over dette. Ord i seg sjølv har ikkje nokon injurierande kraft, det er den status ein gjev person attom dei som utgjer denne krafta - slik kraft tykkjer eg ikkje Karsten Vedel Johansen lenger har. Dersom nokon absolutt VIL late seg fornærme av det denne mannen skriv, ja - så slit det med helsa.
Lat mannen vera i fred, ikkje ta dykk vatten over hovudet ved å freista oppdra han til sømeleg åtferd - han lyt sjølv finne ut av det, berre slik kan lukkast i å få kraft attom orda sine att.
MHH Olve Steinset