Målet i Klassekampen

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Sat, 15 Nov 1997 17:36:42 +0100

Trond Andresen fortener takk for å ha drege i gang eit aldri so lite
ordskifte om målet i KK. Fjerning av feilar (korrektur)
og meir (ny)norsk er krav eg kan slutta meg til. Det siste kravet meiner eg
er kulturpolitisk viktig ettersom store delar av avismedia
i den provinsielle hovudstaden vår praktiserer yrkesforbod imot
nynorskbrukande journalistar.

Til det fyrste fyrst. Klåre rettskrivingsfeilar bør sjølvsagt burt, men i
ordskiftet bør me skilja klårt mellom dette tiltaket
og ordskiftet om kva rettskriving KK bør halda seg til i (ny)norsk og i
norsk-dansk. For ein norskmålstilhengjar er det leidt å vedgå
at det vert skrive fleire medvitslause rettskrivingsfeilar på norsk enn på
det hine målet. Men diverre er det nok sant. Nokre døme kan vera "vegleiing"
for rettleiing og "reikna" for rekna (frå KK dei siste vekene). Men slikt er
det jo lett å få slutt på, ikkje sant Magnus Marsdal???

Dette problemet (eg tenkjer no ikkje på dei konkrete feilane) har noko med
mindretalsstoda å gjera, og det har med den eksperimentelle
målblandingsstrategien som staten har drive å gjera. Diverre har det ogso
noko med haldningane til nynorskbrukarane å gjera: Ideen om at dette målet
skal vera so forbanna spesielt at me skal ha nærmast grenselaus valfridom
for å finna individuell/regional tilpassing (jf. t.d
skrivemåtar som "ka" og "kem" for kva og kven), gjer det vandsleg å nytta
målet for dei som ikkje har stød målkjensle. Det gjer at norsken står fram
som eit fragmentert mindretalsmål som ikkje gjev nye brukarar eintydeleg
melding om rett & gale, godt & dårleg. Heldigvis er fleirtalet i målrørsla
no på veg burt frå slike synsmåtar.

Eg gjer framlegg om fylgjande målpolitiske mål eller tiltak for KK, (her
blandar eg meg ikkje burti korleis KK vil forvalta norskdansken)
og ser fram til å få merknader til dei:

1) Ved utlysing av journaliststillingar skal det krevjast at dei tilsette
kan skriva (ny)norsk. Journalistar og deskfolk
bør få kursing i (ny)norsk. Eg er viss på at nokon i Oslo vil syta for eit
slikt tilbod gratis.

2) Avisa bør setja seg klåre mål om at større delar av avisa bør vera på
nynorsk. Kor mykje kan me sikkert diskutera.

3) Den redaksjonelle nynorsken skal sjølvsagt vera "korrekt". Kva med eit
elektronisk korrekturnettverk? Eg veit sjølvsagt at mykje stoff vert ferdig
like føre prent, men likevel ville jo dette hjelpa noko.

4) KK ynskjer å unngå å bruka den delen av rettskrivinga som er kome inn for
å tilnærma norsken til norsk-dansken.

5) Sidan det er stor språkinteresse mellom lesarane, kunne det vera ein ide
å få t.d. Olaf Almenningen på Leksikografi (UiO)
eller nokon andre til å skriva ei språkspalte. Folkeopplysning må til ogso
om språk - det er ei kultursak som høyrer heime i ei kulturavis!

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41