UTFORDRING TIL VENNER AV KK

Svein Lund (sveilund@online.no)
Sat, 25 Oct 1997 16:59:23 +0200 (MET DST)

UTFORDRING TIL VENNER AV KLASSEKAMPEN

Den beste reklame for avisa er at folk får sjå ho sjølv, dette er særlig viktig i område der det ikkje er mogleg å få kjøpt avisa i laussalg.
Guovageaidnu RV har samla inn pengar og gitt 20 kvartalsabonnement på Klassekampen til institusjonar og privatpersonar som vi trur vil lese avisa.
Samtidig sender vi disse eit brev der vi oppmodar dei til å skrive til oss, til redaksjonen og KK-forum og fortelle ka dei syns om avisa. Vi ber dei og tipse om saker avisa bør skrive om.
Vi oppmodar med dette alle RV-grupper til å gjøre det samme.

Samtidig vil vi spørre redaksjonen / distribusjonen om det er mogleg å gi gaveabonnement for ein månad. Da ville vi nå ut til atskillig fleire.

Med helsing
Guovdageaidnu RV
Svein Lund
skrivar