Ordet "tiger" er ein abstraksjon og er heilt ufarleg, det er ingen grunn
til å søkja dekning - det er altså ikkje "tigeren". Menyen er ikkje maten -
et du menyen vil mange tru du har vorte galen, og kan hende med rette.
Utsegn som: "det har kome meg for øyre", "eg har høyrt rykte om", "nokon
har fortalt meg om deg at", osv. er innhaldslaus informasjon og heilt
uinteressant - ja, dei sperrar for vidare kommunikasjon. Slike utsegn fører
straks til spørsmål som: " Kven har fortalt deg dette, og kva er deira
objektive kjelde?" Meir interessant er det kva du, ikkje andre, meinar og
trur/ikkje trur.
På godt norsk kallar eg, med fleire, dette for "BRØNNPISSING". Dersom nokon
ikkje veit kva "brønnpissing" tyder skal eg her gje ei historisk
forklaring. I gamle dager, før dei kommunale vassverka sørgde for reint
vatten til dei einskilde husstandane, hadde dei fleste private brønnar
rundt om på gardane. Folk krangla ikkje mindre då enn no, hadde ikkje færre
konflikter med grannen enn vi har. Sidan dei hadde færre mogelegheiter til
å få kringkasta sin vreide, enn vi i dag har, utvikla dei ein raffinerte
metode kaldt "brønnpissing". Metoden gjekk ganske enkelt ut på å lura seg
til å få pissa/miga i naboen sin vassbrønn, i von om at dette skulle kunne
være ei høveleg fornærming. Det historiske kjeldematerialet er heilt utan
eksemplar på konflikter som har vorte løyst på denne måten.
Derfor, kjære vener, er mi enkle vesle bøn: Slutt med denne brønnpissinga -
den fører ikkje fram!
MHH Olve Steinset