Ironi

Sigurd Eliassen (sigurde@spjelkavik.vgs.no)
Fri, 17 Oct 1997 11:25:21 GMT

Eg klarer ikkje å dy meg for å kome med følgjande vesle ironiske poeng
(vonar dei på forumet som ikkje ynskjer meir salt i såra, har
vassmuggen klar slik at saltet kan skyljast bort straks):

Redaksjonsklubben i KK (og deira tilhengjarar) kjempa med nebb og klør
mot avsetjinga av AKP-medlem Paul Bjerke (kanskje han er nyutmeld?)
medan dei like frenetisk kjempa mot tilsetjinga av ikkje-AKP-medlem
Jon Michelet (kanskje han er ny-innmeld?). Erstatninga av ein AKP-ar
med ein ikkje-AKP-ar var det endelege provet på at partidiktaturet
vart innført i avisa og at AKP-vann attende tapte skansar. Logikken
her er for vidarekomne. ;-)

mvh
Sigurd Eliassen