Sett at du eig ei avis, og ikkje er fornøgd med utviklinga av avisa.
Kva kan du då etter redaktørplakaten, aksjelover og slikt gjera for å
endra kursen til avisa?
- Kan du påleggja journalistar eller redaktør å skriva annleis? Nei.
- Kan du føra dialog og diskutera med redaktør og journalistar? Ja.
Derom det ikkje fører fram, kva kan du då gjera?
- Den einaste styringsreidskapen du då har, er å byta redaktør.
Og då er spørsmålet mitt:
Kva meiner du med å få kontroll over avisa?
- Meiner du det er feil av AKP som majoritetseigar å blanda seg inn i
styringa av avisa for å leggja om kursen i tråd med landsmøtevedtak
o.l., med det einaste middelet dei har?
Eller går kritikken din på at metodane har vore feil og udemokratiske?
(Som t.d. at Paul ikkje fekk melding om at andre vart spurde om dei
ville verta redaktørar?) På kva måte skulle i så fall dette tyda på at
AKP vil ha større redaksjonell kontroll?
Tenkjer du kan henda at all dette politiske preiket om kva slags
kursendring ein ynskjer for Klassekampen berre er eit nyttig
skalkeskjul for AKP sitt innfløkte maktspel?
Det eg vil fram til:
Er du usamd med kritikken av KK og ynska om kursendring, eller er du
berre mistruisk til motiva til AKP?
Det eg saknar frå dei som er mot Michelet, AKP, Pol Pot, Stalin og
oldemora hans Rynning Hanssen :) , er argumentasjon for kva slags avis
dei vil ha, og korleis _dei_ ville fått gjennomført dei endringane dei
ev. vil ha.
-F-