Antiintellektualisme

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Thu, 16 Oct 1997 13:02:00 +0100

Ytreberg meiner han kan spora antiintellektualisme i KK og serleg her på
KK-forum. Dette ogso spørsmålet om kva me legg
idette omgrepet. Sjølv meiner eg det kan vera stor skilnad mellom å vera
antiintellektuell (å vera imot tenkjing/refleksjon)
og det å vera antiintellektualistisk (å vera imot at folk leikar seg med
intellektet for å posera og syna fram at dei har lese
mykje). Den fyrste av desse haldningane er eg imot - det ville vera ein
direkte likvidasjon av KK. Den andre av desse haldningane
er eg sterk tilhengjar av. Det er ille nok, men kanskje til å leva med at
posørar er svært synlege i universitetsmiljøa. Derimot
er det utillateleg å la dei ha KK som leikegrind.

For meg verkar det som om Ytreberg ikkje skil mellom det å vera
antiintellektuell og det å vera antiintellektualist. Kanskje har eg
lese deg feil - kanskje ikkje? Eg skal ikkje vera den som pukkar på at me må
nytta nett desse omgrepa - men eg meiner i alle høve
me må skilja mellom to ulike kategoriar haldningar som ligg bak dei - er du
samd Espen Ytreberg?

For meg verkar det merkjeleg å verta rekna som alliert med
antiintellektuelle. Som ei botsøving for å fri meg frå slike "skuldingar",
har eg no skrive ein dobbelkronikk om kulturnasjonalismen til KK.

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41