Partiavis, tap i redaksjonen og hjelp fr

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 15 Oct 1997 15:14:17 +0100

Anders Ekeland skreiv som oppmoding til redaksjonen:

"Hvis dere blir og kjemper videre mot forsøkene på å lage en partiavis,..."

Anders, Anders, Anders. Me veit du mistenkjer dei du ikkje likar for å
ynskja seg ei partiavis.

Med kva grunnlag i utsegner frå AKP sine leidarar eller styrefleirtalet,
eller vedtak
vågar du denne påstanden? For min del er eg faktisk skitleid av ein debattkultur
der den eine parten konsekvent nektar å ta utsegner, vedtak og synsmåtar på
ordet.
Hadde det hjelpt for deg om Jorun G, Rolv Rynning H, Pål S. hadde
gjennomført ein gamaldags straffe
eksersis med å skriva: Me vil ikkje ha partiavis 1000 gonger og so
underskrive dette med namnet sitt?
Ville det hjelpt om Michelet i praksis syner at han ikkje vil ha det? Eller
er det berre slik
at du har rett???

Gjer oss no ei teneste for framtida Anders. Kritiser konkrete forsøk på å
laga partiavis. Gjerne skarpt!
Argumenterer du godt får du andre med deg. Kutt ut insinuasjonane om at folk
vil ha det dei seier dei slett
ikkje vil ha medmindre du har svært gode og overtydande argument.

Det ville ikkje berre vera å leva opp til dine eigne ideal om mobilisering
på grunnlag av røynlege ordskifte, men
det ville i tillegg verka eit par hakk meir overtydande (og mindre monomant).

Seinare i same innlegget skriv du:

"Den viktigste skansen - redaksjonen er ikke tapt."

Dersom media har rett i at 10 redaksjonsmedlemer har sagt opp, og at 10 til
vil seia opp - so er kampen
tapt sett med augo åt redaksjonsklubben.

Det er leidt at mange av desse forsvinn, men eg finn det svært gledeleg at
redaksjonen no er "tapt".
Kvifor? Stikkord: Skuldingar om partiavis, skuldingar om å vera nyttige
idiotar, sjikanekampanje i avisa,
avvisande haldningar til kritikk, ekstrem arroganse frå fleire av dei andre
redaktørkandidatane, "lukka avdeling"
- førebels uoffisiell NM-tittel i McCarthyisme m.m.m. Alt dette og meire til
har vorte peikt på tallause gonger
i ei mengd innlegg her på KK-forum.

Hadde ikkje redaksjonsklubben spent bogen so hardt og spela opp til
stridsropa frå Sigurd Allern ("oppblåst nyttig
idiot"), og hadde dei ikkje vore so avvisande til kritikken - hadde det vore
råd å korrigera kursen noko utan
hovudrulling - og utan at nokon vart klåre taparar. Når klubben no tapar
klårt er det difor ikkje berre fordi
synsmåtane deira var i mindretal i styret, men ogso fordi dei sjølve køyrde
so hardt.

Eg er sjølvsagt kjend med at ein må vera to for å dansa tango - at
styrefleirtalet m/støttespelarar ogso har sin del av
andsvaret for at det kokte over i KK denne gongen. Er redaksjonsklubben og
støttespelarane deira viljuge til å ta
ei slik innsikt inn over seg - eller er det berre det fæle AKP (m/nyttige
idiotar) som skal ha skulda for alt saman???

Og til slutt:

"Ta kontakt med SV - det er mange der som vil støtte en kjempende redaksjon."

Heilt sikkert - solenge dei kan vera i kampfellesskap på grunnlag av gamle
ryggradsrefleksar om/mot AKP. Du har jo tidlegare tala
varmt imot sokalla "vanetenkere" i RV/AKP - det skulle ikkje undra meg om
det fanst mange slike i SV ogso...

Kva meiner du forresten at SV skal bidra med Anders? Meir verbal støtte
eller jobbtilbod i Ny Tid?

Spøk til side: Er du Anders samd i at den beste måten redaksjonsklubben kan
vera ein "kjempende redaksjon" på er å vera redaksjons-
medlemer som ikkje lagar partiavis, men som heller lagar ei god avis i
samsvar med føremålsparagrafen. Eller er det andre "kampformer"
du tek til orde for? I so fall vil eg gjerne at du fortel oss meir om dei
Anders.

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41