Då sionistane kom til Palestina, var ikkje landet tomt for folk. Det var til
og med jødar der - nokre av dei i Jerusalem. Og dei har under svært
vanskelege tilhøve halde fast ved å konsekvent avvisa sionismen. Dei tek
ikkje mot pengar frå det dei kallar det "såkalla
undervisningsdepartementet". Dei tek ikkje mot sosialstøtte. Og dei har
reist ut i verda for å forkynna jødedom som alternativ til sionisme. Dei har
synagogar i New York og London. Og dei held fram med å vera "Neturei
Karta" - Byens vaktarar - eit namn dei har teke frå ein legende om
grunnleggjaren av Talmudisk Jødedom, Rabbi prins Juda.
Og slik ein såg med Ronald Fangen før andre verdskrig: Det hender seg at
konsekvente, religiøse menneske kan ha svært opplysande analysar av
fascisme. Ein tur innom heimesidene til Neturei Karta på:
http://www.netureikarta.org meiner eg gjev eit godt døme.
I tillegg trur eg at folk som er ute etter å sjå ein veg ut av dagens elende
har vel so mykje å læra av desse religiøse folka som av notoriske og
konsekvente illusjonsmakarar som trollmannen Amos Oz.
Hans Olav Brendberg, Hitra
This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST