Re: SV: internett-boomet er over

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Fri Jul 14 2000 - 10:16:05 MET DST


Bjarne Naerum wrote:
>
> Nei, "internett-boomet" er neppe over.
>
> Tror nok heller det her er snakk om "barnesykdommer" (og "vekstsmerter"?)
> - faktum er at Internett vokser og utvikler seg som bare F... Uten historisk
> sidestykke, kan vi vel med ganske stor sikkerhet si.
>
> Jeg tror ikke dette kommer til å avta med det første. Snarere tvert i mot,
> mye taler for det.

Som Karsten Johansen peikar på i eit anna svar, er Bjarne på sida i
forhold til den tyske artikkelen som dette starta med, men han har nokre
synspunkt som eg gjerne vil kommentere.
 
> Hovedspørsmålet er om / ev. hvordan Nettet kan benyttes til beste for de fleste.

Dette er kanskje hovudspørsmålet for oss på dette forumet, men vi er
dessverre heilt på sidelinja. Hovudspørsmålet for dei som byggjer ut
Internett, er korleis dei best kan utnytte det kommersielt, dernest
korleis dei kan kontrollere og overvake informasjonsflyten der for å
*hindre* at det blir "til beste for de fleste".

Men Internett er også eit eksempel på korleis teknologi kan skape
motsetnader i maktapparatet. Derfor ser det ut til å gå sine eigne vegar
utan at Makta greier å kontrollere det fullt ut. La oss nyte det så
lenge det varer!
 
> På EFN-lista (nettforum for EFN, se www.efn.no) er det ingen fellesferie, og
> her diskuteres nå heftig bl.a. spørsmålet "Internett - en menneskerett?".
>
> Ja, det må det absolutt bli, mener Tron Øgrim - som starta denne debatten.
> Ikke alle er enige med ham i dette. Men det betyr kanhende ikke så mye
> fra eller til. For som Øgrim skriver i et av sine siste innlegg:
> -----------------
> Kjære venner: jeg tror at i vår levetid blir ikke InternettTilgang noe privilegium, men et PÅLEGG.
>
> En PLIKT!
>
> Staten og Banken og Butikken og Skolen til Unga dine og Alle Vennene og Kreditorene og Legen og Katta og Bikkja og Bilen vil KREVE at du er på Internett!
>
> Du fåkke LOV til å IKKE værra der!
> -----------------

Dette er ein merkeleg påstand frå Øgrim. Det er lovleg, om enn
upraktisk, å ikkje ha TV, radio, telefon, bøker, avisabonnement og
postkasse (trur eg?), og staten påbyr oss ikkje å gå i banken og
butikken med jamne mellomrom. Internett utfyller og vil etter kvart
*delvis* erstatte desse tenestene. Det trengst ikkje noko statleg pålegg
om nettilgang, men eit sterkt sosialt press blir det, først og fremst
p.g.a. underhaldning og kommers. Skulen blir nok den som sist krev det.

> I England blir faktisk håp om økende Internett-bruk / -handel nå brukt
> som argument for å gi de mange tusen "Post Offices" rundt omkring
> en ny renessanse. I Norge er som kjent ca 2000 (to tusen ) nedlagt
> de siste åra, massivt begrunna slik: "Pga. den nye teknologien"...

Internetthandel er berre ei avansert form for postordre, så lenge det
gjeld fysiske varer (mat, klede, møblar, datamaskinar m.m.) som ikkje
kan sendast over nettet (slik som filmar, musikk, bøker og programvare).
Varehandel treng eit transportapparat, som kostar pengar.

Dersom eg treng nytt kjøleskåp, kan eg søke på nettet etter beste
tilbod. Kanskje eg finn eit i USA. Handelen vil ikkje lønne seg dersom
leverandøren må sende meg kjøleskåpet over Atlanteren, altså må han ha
avtale med eit lager relativt nær meg. Dersom dette lageret er nær nok,
og har ein publikumsinngang med utstilling, vil eg kunne gå dit og sjå
kjøleskåpet og samanlikne med andre modellar. Kanskje eg heller vil
betale nokre kroner ekstra for å kunne gjere det, og for å ha eit
menneske å klage til dersom apparatet ikkje verkar. Dermed kan eg like
godt gå på Elkjøp eller Expert, ikkje sant?

Netthandel vil nok redusere lagerkostnadene, men vil også generere mykje
transport av eit slag som er mindre rasjonell, og dermed dyrare, enn den
frå fabrikk til butikk. Ein ting er å kjøre ein lastebil med femti like
kjøleskåp ut til butikken og la kundane hente dei heim enkeltvis, ein
annan ting å sende femti transportar ut til ulike kantar. Denne
transporten skaper dessutan ventetid for kunden, noko som kan vere
avgjerande for handelen. (Kanskje han også forureinar meir, men det er
dessverre ikkje så viktig.)

For mindre ting enn kjøleskåp blir reknestykket annleis, så det kan bli
endringar i somme bransjar. Om dette vil berge postkontora, er meir
tvilsamt. Mange kundar har no lengre veg til postkontoret enn til
spesialbutikkane, og dei må attpåtil vente ein dag ekstra fordi Posten
først skal bere ut ein hentelapp som kunden skal ta med seg til
postkontoret. (Her kunne e-post vere til nytte!) Landpostbod eller
direkte utkjøring kan hjelpe på det, men bergar ikkje postkontoret.

Forsøk på konklusjon: Internetthandel vil nok auke den marknadsdelen
postordre har i dag, men vil verken berge postkontora eller knekkje
butikkar i stor stil, bortsett frå i spesielle bransjar (særleg musikk
og video).

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:26:00 MET DST