Matsminke og patent på liv som hysj-saker på Stortinget

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Thu Jun 15 2000 - 08:42:45 MET DST


Steinulf Tungesvik hadde eit innlegg på "neidebatt" i går som eg tillet
meg å formidle vidare, med takk til forfattaren. (Eg har bytt ut 'aa'
med 'å' osv. for å gjere det lettare å lese.)

> Me skal gleda oss over fotball-EM (trass i at dei kalalr det euro2000)
> og norske framgangar, særleg når me bankar EU-land - men sjølvsagt kan
> nei-folk knapt bli for konspiratoriske. Lars Staurset sette meg på den
> gode ideen å sjekka stoda for
> direktiva.
>
> No er det slik at Stortinget i plenum ikkje får behandla fleire
> EØS-saker i inneverande sesjon. Men det gjer ikkje so mykje for ja-sida,
> som har skaffa seg måtar å gjera det på utanfor køyreplanen. Ettter at
> nei-regjeringa er borte, er EØS-utvalet igjen eit farleg organ.
> Nei-regjeringa misbrukte ikkje det ved å slusa vanskelege saker hemmeleg
> gjennom. No må vi vera på vakt att. Og her kjem eg endeleg til kjernen:
> Eg har sjekka med mine partifeller på Stortinget, og det viser seg at
> til møte i utvalet tysdag 20. juni er det varsla til møtedeltakarane
> (møte, sakliste og referat er jo hemmeleg) at både matsminke og patent
> på liv kjem opp som eventuelt-saker. Det vil eg tru tyder at
> utanriksminister Jagland står ved det statsminister Jagland lova om å
> koma med st prp om matsminke, og at denne kjem til hausten. Men
> realiteten i kor Stortinget landar har han nok tenkt å få slått fast
> allereie no. For patent på liv skulle det ikkje undra meg om dei gjer
> den endelege klareringa med Stortinget her og no. Den krev jo EU at dei
> avklarar før 30.7. Det er viktig at denne informasjonen kjem fram til
> mobiliseringa framfor Stortinget i morgon.
>
> Nokon som lengtar etter nei-regjering?
>
> Steinulf Tungesvik
> --
>
> On Wed, 14 Jun 2000 12:36:19
> Lars Staurset wrote:
> >Stortinget er inne i ein hektisk innspurt, samstundes som fotball-EM
> >startar og overskuggar alt anna i media. Det skulle vel ikkje vere slik
> >- reint tilfeldig - at matsminke og patent på liv skal bankast gjennom i
> >desse dagane?

Folk som har kort veg til Oslo, veit vel om "mobiliseringa framfor
Stortinget i morgon" (dvs. i dag, torsdag, Steinulf skreiv innlegget
sitt i går).

Ei side ved dette er at EØS-utvalet behandlar viktige saker under
"eventuelt". Dette strir mot alt eg har lært om organisasjonsarbeid. Men
det er tydelegvis andre reglar i EU, sidan slik behandling er nok til å
oppfylle EU-kravet. Dessutan kom vel desse sakene heilt uventa på
Jagland & co?

Lars Staurset

P.S. "Neidebatt" er eit debattforum drive av Nei til EU. Sjå
www.neitileu.no.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:25:56 MET DST