Re: Fortsatt Nei til EU

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Mon Apr 24 2000 - 17:08:34 MET DST


Ivar Hellesnes skreiv m.a.:

>... - forskjellene mellom by/land, kvinne/mann,
>landsdeler, partisympati, inntekt, alder. Bl.a. er 17 % av RV-velgerne FOR
>norsk EU-medlemskap! Det kunne jo være en nyhet i seg sjøl? Ingen av oss
>ville vel tippa det? (Og RV er dermed helt på linje med SV og Krf, mens SP
>bare har 2 % ja!)

Det er interessant, men på same måte som nei-sida blir forsømt av
statsberande media, blir det ikkje snakka så mykje om ja-standpunkta som
vitterleg finst på "venstresida". Ein høyrer helst den same monotone duren
som før.

Det er vanskeleg å seia om det framleis er fleirtal mot EU i det norske
folket. Eg har inntrykk av at spørsmålet har vore bortimot tabu sidan
folkeavstemminga i 1994. I skuggen av dette "heilage" tabuet, har det gått
føre seg ei jamn tilnærming og harmonisering mellom EU og Noreg. Dette har
stort sett gått føre seg i fred og ro, til og med under ei "nei-regjering".
Problemet er at det ikkje finst nokon debatt, eller at debatten ikkje er så
livleg som han var...

Visse EU-tilhengjarar har sjølvsagt alt å tene på ein slik situasjon.
EU-motstandarar og visse andre EU-tilhengjarar har alt å tene på ein
grundig debatt om det framtidige tilhøvet til Europa. Men spørsmålet er
framleis for kjenslevart, ser det ut til. Nei-sida har ein tendens til å
sjå seg blinde på resultatet frå 1994, og klamrar seg til dette. I lengda
blir det vel ei mager trøyst, for tida arbeider og situasjonen forandrar
seg som sagt.

Kva er eigentleg standpunktet til nei-rørsla (om det finst noko eintydig
nei-rørsle) når det gjeld det framtidige tilhøvet til Europa? Aksepterer
ein tilnærminga, ratifiseringa av visse EU-direktiv, osb.? Eller vil ein ha
slutt på heile greia - setje ein strek over EØS-avtalen med anneks? Trur
ein det er mogleg, og har ein tenkt på dei meir praktiske og juridiske
sidene ved eit slikt brot? Eller har Nei-rørsla hamna i ei slags bakevje,
der spørsmålet om EU "ikkje lenger er aktuelt"?

Det ville vera underleg om Nei-sida framleis hadde så stor tru på den
oljebaserte nasjonale sjølvtilliten, no når landet har fått ei ekspansiv
ja-regjering med folkevald stortingsfleirtal bak seg i
EU-spørsmålet. Sjølvsagt kan ein klage over den eventuelle forskjellen på
haldninga til stortingsfleirtalet og haldninga til folkefleirtalet, men det
blir som å banke hovudet mot veggen.

Den norske EU-motstanden er eit særskilt fenomen i sitt politiske innhald,
og særleg i høve til politiske skiljelinjer. I dei fleste andre landa i
Europa er EU-motstanden representert av fascistiske, høgrepopulistiske og
andre ultranasjonalkonservative krefter, saman med nokre ultraliberale på
ytterste høgre (ja, dei finst!). Dei har også selskap av tidlegare
Moskvatru kommunistparti, og nokre marginale grupper på ytterste "venstre"
(trotskistar og anarkistar).

Elles er den demokratiske venstresida i Europa, i det store og heile for
EU-medlemskap, samstundes som dei arbeider aktivt for ei endring av
politikken på viktige område, og sjølvsagt ei omleggjing av den
sentraliserte og udemokratiske maktstrukturen i EU. Den delen av
venstresida eg høyrer til, går inn for å styrke Europaparlamentet, som er
det einaste folkevalde og representative politiske organet, og har ein
nokså klår politisk modell for eit demokratisk, føderalt, og desentralisert
Europa, evt. basert på regionar.

Denne delen av venstresida spring ut av ei sterk utanomparlamentarisk
mobilisering dei siste åra, med utgangspunkt i miljøspørsmål, urbanisme,
transportpolitikk, landbrukspolitikk, økonomisk utvikling, osb. (jfr.
ATTAC, nokre av dei grøne partia, kampen mot MAI/WTO/globaliseringa, kampen
mot atomkraft, mot landbruksmonopola og matvareindustrien, mot bilbaserte,
forureinande transportløysingar, mot øydeleggjinga av bymiljøet, osb.). Det
finst ei heil "motstandsrørsle" av parti og uavhengige organisasjonar i
Europa (og i verda) som arbeider hand i hand. For meg er denne utviklinga
full av fornuft, og eg støttar sjølvsagt dette arbeidet.

Den norske EU-motstanden ser ikkje ut til å vilja bli ein del av denne meir
og meir verdsomspennande motstandsrørsla. I tidlegare innlegg om
EU-spørsmål på dette forumet har eg peika på det noko glorute politiske
innhaldet i EU-motstanden. Eg vil ikkje koma med bombastiske påstandar om
noko eg berre kjenner til frå tidlegare, og dei siste 17-18 åra på avstand,
men er det ikkje nettopp dette som er problemet: Mangelen på eit felles
politisk prosjekt for eit "EU-fritt" Noreg? Kor går grensene mellom den
delen av EU-motstanden som kort og godt er nasjonalsjåvinistisk, kanskje
høgrepopulistisk, og den delen som yndar å kalla seg "internasjonalistisk",
og som kanskje har eit perspektiv utover det nasjonale? Tek eg heilt feil
når eg seier at det "internasjonalistiske" berre eksisterer på papiret, og
at det diverre berre blir med snakket?

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________________
message envoye depuis http://www.ifrance.com
emails (pop)-sites persos (espace illimite)-agenda-favoris (bookmarks)-forums
Ecoutez ce message par tel ! : 08 92 68 92 15 (france uniquement)



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:25:32 MET DST