http://www.liberation.fr/quotidien/semaine/990910venh.html
Libération har framleis ein av dei få journalistane som er att i Aust-Timor.
Desse er viktige vitne, sjølv om dei no er forskansa i Unamet-hovudkvarteret
i Dili.
"Det fanst 500 journalistar i Aust-Timor for å «dekkje» folkeavstemminga 30.
august. Torsdag var det mindre enn tjue att, deriblant den utsende
medarbeidaren til Libération, Romain Franklin, den einaste representanten
for ei fransk avis. Han har bestemt seg for å halda fram arbeidet sitt på
plassen så lenge som mogleg. Liksom dei britiske, australske og portugisiske
kollegane som også har blitt verande att, har han mått søkje ly i
FN-hovudkvarteret i Dili etter å ha blitt truga av militssoldatar. Dei ligg
i leir i denne siste «verna», eller «omringa» enklaven som den indonesiske
hæren seier det er umogleg å ta seg ut av utan å bli målskive for
militssoldatar, som ikkje nøler med skyte på alt som liknar ein journalist,
eller ein diplomat. Målet med dette er å jage bort alle sjenerande vitne til
blodbadet som går føre seg. Det blir såleis vanskelegare og vanskelegare,
for ikkje å seia umogleg å gi eit eksakt bilete av situasjonen i hovudstaden
liksom i resten av landet. Militssoldatane er berre nokre hårstrå frå å ha
gjennomført den første fasen i planen: Jaga alle vitne. Det vesle som er att
av FN-representasjon er siste informasjonskjelde i Aust-Timor. Den bør ikkje
forsvinne", skriv Pierre Haski, ein av vise-redaktørane i Libération.
Alt Timor-stoffet til avisa er elles samla i ei "mappe":
http://www.liberation.fr/timor/index.html
Og artiklar i dagsavisa finn ein her:
http://www.liberation.fr/quotidien/index.html
Oddmund Garvik
______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML)/Vos P.A.
NOUVEAU : votre agenda online gratuit !