Her kjem eit seint og kort svar, ferie og alt det der.
"Teorien" om at demokratiske statar ikkje fører krig mot kvarandre, har
vore sett fram eller referert mange stader, eg trur også i KK, men
kanskje ikkje på redaksjonell plass. Eg kan ikkje hugse å ha støytt på
han etter at Jugoslavia-bombinga starta; det er vel vanskeleg å
oppretthalde han no.
Heile "teorien" står og fell med definisjonen av "demokratiske statar".
Dersom demokrati tyder at folket vel leiarane sine i allmenne (om enn
ikkje perfekte) val, er Jugoslavia sannsynlegvis like demokratisk som
USA, og då skulle ikkje dei to landa stå mot kvarandre i krig. (Og, for
å unngå eit sidespor: dette har ingen ting å gjere med om debattantane
likar Milosevic, Clinton eller bombinga.)
Derimot, dersom ein set likskapsteikn mellom "demokratiske statar" og
"høgt utvikla land som godtek fri flyt av kapital og varer", kan
"teorien" ha noko for seg. Dei sistnemnde landa har lita interesse av å
gå til krig mot kvarandre, rett og slett fordi kapitalistane deira ville
tape meir enn dei tener på det.
Ei slik definisjon ser nokså rar ut, og blir sjeldan uttrykt klårt, men
ligg nok til grunn når USA sorterer landa rundt seg. Og dette er ikkje
det einaste eksemplet på kreativt maktspråk. Positive ord som
"demokrati" og negative som "barnearbeid" (jfr. artikkelen som Knut
Rognes refererte), "etnisk reinsing" og "terrorisme" blir nytta utan
omsyn til om dei landa som blir karakteriserte, er verre eller betre enn
andre. (Jugoslavia vart bomba for etnisk reinsing, Tyrkia får kjøpe nye
våpen, osv.)
Lars Staurset
Lars Staurset