Kanskje det er for lite konsensus i Sør. I mitt land er anti-konsensus ein
slags leveregel, ein normal tilstand. Men me finn ut av det sjølv i den
galliske kakofonien. "Opinionen" tenkjer om lag som "opinionen" andre
stader. Framleis støttar eit fleirtal av det franske folket Nato-aksjonen i
Kosovo/Serbia/Montenegro, til og med ein aksjon på bakken. Om den nordiske
pressa blei litt "betre" og "friare", spørst det om det forandra så mykje på
innstillinga til folk. Det rare er at alle menneske er i stand til å tenkja
sjølve. "Kardemomme-ensrettingen" blir eit symptom på heilt andre ting,
eller kanskje berre ein tankekonstruksjon.
Oddmund Garvik