Re: Opprop mot krigen

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 26 Mar 1999 16:16:08 GMT

Magnus Marsdal manar til underskriftskampanje mot "den folkerettsstridige
bombinga av Jugoslavia". Han kallar det høgtideleg "Påskeopprør mot NATOs
krigføring"...

Det står ikkje eit pip i dette oppropet om den nøye planlagde offensiven og
undertrykkjinga av sivile kosovoalbanarar som serbiske styrkar i denne stund
set ut i livet. Nei, dette blir ikkje råka av "folkeretten"...det er ein
"indre strid", og Jugoslavia er medlem av FN. I oppropet repeterer ein det
russiske og kinesiske standpunktet, og forlangar at Kosovokrisa må takast
opp i tryggjingsrådet, for "berre tryggjingsrådet kan vedta bruk av militær
makt"... eller aller helst som vanleg, med vetoretten, berre koma med
oppmodingar og fromme ynskje.

Ein må ha temmeleg kort minne for på alvor å halda fram slike standpunkt. Er
Bosnia gått i gløymeboka alt? Har den storserbiske leiaren blitt respektabel?
Ville den humanitære krisa vore mindre om Vesten som tidlegare og andre
stader, berre blei sitjande på gjerdet? Trur du verkeleg at den serbiske
terroren i Kosovo hadde vore mindre om ein let dei drive på i fred, dvs. let
vera å gripe inn? Ein kan sjølvsagt stø seg på "folkeretten", tvinna tomlar
og vente på dagen då dei serbiske fascistane har gjort landet sitt "reint".

For meg er den slags "folkerett" forelda, for i skuggen av denne har
mange hundre tusen menneske blitt forsaka dei seinare åra. Terror og
undertrykkjing har gått føre seg utan at nokon har rørt ein finger. Det er
framleis slik, i Kurdistan, i Tibet, i fleire land i Afrika og andre stader.
Folkeretten er ikkje noko statisk. Folkeretten er det ein gjer han til.
FN-systemet har spela falitt, og alle fredsoperasjonar i FN-regi har vore
fiaskoar i høve til mandatet. I nokre høve har det utarta til ineffektive
humanitære aksjonar.

FN er den einaste internasjonale organisasjonen me har, men det endar berre
opp i maktesløyse om ein gjer ei fiksering på dette. Det er langt fram
til ein ny internasjonal orden med ein verkeleg folkerett som tener alle.
Det går ikkje fortare om ein med reine juridiske og formelle argument
klamrar seg til den noverande orden. I høve til Kosovo er det eit skritt
attende. Når stormaktene for ein gong si skuld ikkje er på ville vegar,
støttar eg dei. Det forandrar ikkje på det generelle synet mitt. Eg er
framleis anti-imperialist.

For meg er dette oppropet mot krigen berre tomhend gestikulering, for det
blir ikkje sett fram eit betre og truverdig alternativ. Kva skal ein gjera
med fascistane i Beograd? Kva skal ein gjera med dei ultranasjonale i
Kosovo, eller andre stader for den saks skuld? Skal ein lata att augo, eller
stikke hovudet i sanden framom denne farsotten som rir Europa? Nasjonale
rørsler grev opp gamle "identitetar" og "røter", sår framandhat og vil
vekkje opp att "nasjonar" som er borte for lenge sidan, eller aldri har
eksistert. Dei vil byggje seg små, lune land der dei "reine" kan leva i lag
saman med andre "reine" som er liksom dei, og som tenkjer liksom dei...
Enda kor grotesk latterlege desse prosjekta kan verke, kjenner eg ofte ein
kald gufs nedover ryggjen når eg høyrer og ser dei i aksjon. Denne gongen er
det Storserbia det står om, for seksti-sytti år sidan var det Stortyskland,
Storitalia, med "Stor-Spania" i bakgrunnen. Det finst parallellar, og ein
står seg best om ein ikkje gløymer dei.

Oddmund Garvik