Hei!
Slike falske virusvarsel vert kalla for "hoaxes". For å lesa meir
om fenomenet kan de sjå på denne sida til DataFellows:
http://www.europe.datafellows.com/news/hoax.htm
Og dette lesarinnlegget i universitetsavisa:
http://www.ntnu.no/universitetsavisa/0198/debatt5.html
Det nye her er vel at meldinga spesifiserer at ein ikkje
må opna _vedlegga_. Det gjeld jo all e-post. Kontroller
alltid vedlegg med ein virus-skannar før du opnar dei.
Det vel faktisk og noko nytt på fronten, og det er at
e-postprogram som har støtte for java og active-x faktisk
kan (i alle fall teoretisk) få aktivert virus berre ved å
opna ei melding, men det er vel berre å ta med ro førebels,
ingen har vel enno fått problem med dette. (Folk som ikkje
veit kva java og active-x er for noko, kan ta det heilt
med ro.) Hovudregelen er: Ikkje vidaresend slik virus-
varsel -- slett dei.
-- Filip