MM:Orsak Olav, det var aldri slik meint. Det var aldri slik skrive heller. Det vart berre slik TOLKA. Og den tolkinga er di. Det er du som stigmatiserer Olav, ikkje eg. Det eg skreiv var slett ikkje noko hardt åtak, eg skreiv jo eksplisitt at "dette er ikkje det same som å motarbeida Klassekampen". At du vel å tolka meg i aller verst tenkjelege meining set eg på kontoen for seinskadar frå dei harde 70-åra.
OR:
Men kva veit du til dømes om meg, Magnus Marsdal? Har du eit einaste døme på
at eg er ute etter makt over Klassekampen eller over ei eventuell ny avis?
Finn du noko i det eg har skrive som gir dekning for dine påstandar?
Nei, ikkje eit komma om du leitar aldri så mykje.
MM:
Eg syner til det eg nett skreiv. Eg har IKKJE kome med påstandar. Du har sjølve tolka dei inn i teksten, og er no igang med å polemisera mot di eiga tolking. Denne har lite med det eg faktisk skreiv å gjera. Eg voner du kan gå attende å lesa ein gong til, og sjå om det eg skriv no faktisk er sant: Det finst verkeleg ikkje hald for di tolking, eg har ikkje meint å parkera deg. For alt du skriv i resten av dette innlegget er eg samd i, inkludert skildringa av "er du ikkje 100% med oss er du mot oss"-haldninga. Trur du ein unngår å få kjennskap til dette når ein sit i Raud Ungdom-leiinga (det gjorde eg 96-98) eller arbeider i KK utan å vera med i AKP? Eg veddar 1000 kr på at eg opplever langt meir av denslags enn du gjer. Altså har du feil skyteskive denne gongen. Du freistar å "parkera" meg ved å stappa meg i sekken for "AKP".
Vonleg kan vi halda fram ordskifte om KK, eg tykkjer definitivt ikkje at Olav Randen bør parkerast.
Beste helsing
Magnus E. Marsdal