Samd i det meste, Mikkelsen

Olav Randen (boksmia@online.no)
Sun, 11 Jan 1998 18:42:08 +0100

"Jeg vil at Olav Randen og Arne Eriksen skal kommentere de journalistiske
prinsippene jeg har satt opp", skriv Solveig Mikkelsen 9.1. på dette
forumet. Det kan eg saktens gjere.

Eg har få innvendingar. Det meste av hennar framlegg, å vere nøye med
kjelder, gi brei dekning, referere nøyaktig det folk seier, ikkje la seg
styre av eigne ønskemål med meir, er fornuftige retningsliner for
journalistar i dei fleste media. Om lag slik trur eg ei førelesing i etikk
for medieelevar blir disponert. Det meste om Klassekampen er også
fornuftig, men kanskje vel rundt til at det løyser problem.

Eg har difor to spørsmål:
1. Klassekampen har ein formålsparagraf som slår fast at avisa skal drivast
"ut fra et sosialistisk, revolusjonært grunnsyn." Kvar blir det av dette i
dine retningsliner? Eg finn lite att av det og finn heller ikkje noko om
kva det tyder i praksis.

2. Den førre redaktøren vart sagt opp fordi han ikkje sette
formålsparagrafen ut i livet, men "unnlot å utnytte avisas muligheter til å
framheve det eneste revolusjonære valgalternativet (RV) for å nå målet om
fortsatt stortingsrepresentasjon" (oppseiingsbrevet sitert frå Torstein
Tranøy: En annerledes oppsigelse, Klassekampen-forum 25.10.97). I dei
retningslinene Mikkelsen har forma ut, les eg til dømes: "ikke utelat
vesentlig informasjon fordi den ikke passer inn i konklusjonen din". Eg
les også om Klassekampen: "Journalistene skal dekke venstresida ut fra at
venstresida har noe interessant å melde og interessante saker å fortelle
om. Journalistene skal ikke dekke for eksempel RV ut fra at det er lenge
siden RV var i KK, nå må vi gi dem litt plass". Eg er samd i alt saman, det
er ei konkret formulering for korleis informasjon og ikkje agitasjon er
hovudsaka for avisa på dette saksfeltet. Problemet er at å følgje dette i
visse høve altså er oppseiingsgrunn frå arbeidsgjevar AKP sin synsstad.
Dette trugsmålet har den nye staben hangande over sine hovud om dei vil
prøve å setje Mikkelsen sine retningsliner ut i livet. Spørsmål 2 er kva du
vil gjere med det, Mikkelsen?

Føreåt takk for svar!

Olav Randen