Politiske skiljeliner, svar til S.Mikkelsen

Olav Randen (boksmia@online.no)
Mon, 29 Dec 1997 10:08:21 +0100

Ei julehelg har gått sidan Solveig Mikkelsen (SM) og eg starta eit
ordskifte på dette forumet, og SM har dessverre gløymt utgangspunktet. I
ein artikkel om kva som må til for at Klassekampen skal overleve, foreslo
eg å ta vekk dei seks siste orda i formålsparagrafen til avisa. Om det
skjer, vil formålet lyde slik: "Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk
journalistikk med allsidige, politiske og økonomiske avsløringer av alle
former for utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser, samt inspirere og
bidra til ideologisk kritikk, organisering og politisk kamp mot slike
forhold." Dei seks siste orda, som eg altså foreslo vekk, lyder som
følgjer: ... ut fra et revolusjonært, sosialistisk grunnsyn. I staden for
dette kan eg godt tenkje meg ei formulering om å diskutere og utvikle betre
måtar å organisere samfunn på.
Det er vanskeleg for meg å forstå kvifor SM ut frå dette forslaget pøser på
med spørsmål og påstandar om at eg vil at avisa skal skrive like mange
positive som negative artiklar om kapitalismen for å sikre jamvekt, om eg
vil at avisa skal endre syn på Israels undertrykking av palestinarar eller
slutte å sjå Storbritannia som ein kolonist i Nord-Irland. Les det som står
over i hermeteikn sakte og to gonger til, SM, og spør deg sjølv kvar du
finn dekning for dei synsmåtane du tillegg meg.
Me kan gjerne diskutere vidare, for innimellom karikeringa har også SM
reelle innvendingar, og mitt syn på desse spørsmåla er ikkje fastspikra.
Men anten bør du, SM, prøve å forstå og argumentere mot det andre
debattantar hevdar. Eller bør du vise at det du polemiserer mot, er logiske
konsekvensar av det motdebattantane hevdar.

Olav Randen