Klassekampen_i_elektronisk_utgåve

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Thu, 18 Dec 1997 11:52:56 +0000

Eg freista for ei tid tilbake å få greie på om eg kunne vera med
på "betatestinga" av den elektroniske utgåva av Klassekampen. Først
fekk eg eit raskt og greitt svar frå Omid Shoja Bazargani, der han sa
at han hadde sagt opp stillinga, og ba meg kontakte den/dei nye
ansvarlege. Eg sende spørsmålet vidare eit par gonger (2-3/12), og
fekk svar frå Jo Ryste 3/12:

> Jeg har vært syk nå noen dager, og har derfor
> først sett meldingen din i dag (onsdag). Som Omid har skrevet til
> deg, har han sagt opp stillingen. Han var også ansvarlig for den
> tekniske delen av beta-testingen. Dette krever at vi lager en ny
> arbeidsfordeling vedrørende ftp-kk. Det har vi ikke fått gjort enda,
> men regner med å få det til ganske snart.

> Da vil vi også bestemme oss for om vi skal fortsette beta-testingen,
> eller om vi skal starte det som et kommersielt tilbud. Dette skal
> jeg gi deg beskjed om på mandag. Fram til da hadde det vært fint om
> du ga meg beskjed om hvilket OS, og hvilken FTP-klient du bruker.

> Ditt forhold til AKP har ingenting med din evt. deltagelse i
> betatestingen. Jeg synes vel også at det er urimelig å insinuere vi
> ikke vil ha beta-testere som er kritiske til AKP. Selv om e-post er
> et muntlig medium kan det ofte være lurt å tenke seg om før man
> sender meldinger til folk man ikke kjenner og som man aldri har
> kranglet med.

> Kameratslig hilsen

> Jo Ryste
> Opplagsansvarlig

Det kom aldri noko melding "på mandag", og eg spurde forsiktig på ny,
10/12. Framleis ikkje noko svar.

No lurer eg på om den elektroniske utgåva framleis er tilgjengeleg.
Eg ser at web-utgåva av Klassekampen ikkje blir oppdatert så
regelmessig som før. Er det omprioriteringar på gang? Har dei
lagt ned ftp-servaren? Eller er det andre ting?

Er det nokon her på forumet som framleis er i stand til å laste ned
.pdf-utgåva?

Er den elektroniske KK berre for spesielt inviterte? Hadde eg rett då
eg "insinuerte" at dei "ikke vil ha beta-testere som er kritiske til
AKP"?

Eg veit jaggu ikkje kva eg skal tru på lenger.

Oddmund Garvik