EU-utviding og EU-motstand

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 17 Dec 1997 11:51:48 +0100

Peter M. Johansen har hatt viktige artiklar i KK etter EU-toppmøtet i
helga. Møtet - og artiklane - handla særleg om EU-utvidinga austover:
maktspelet innafor EU, oppsplittinga av Aust-Europa, og kva krav som
blir stilt til dei nye medlemmene.

Magnus Marsdal følgde opp tysdag med ein leiar om korleis EU-utvidinga
kan verke inn på EU-motstanden her heime. Kommentarar i ja-pressa, m.a.
i Dagbladet og Dagens Næringsliv, handlar om det same. Dette er eit
viktig tema, som KK og heile nei-rørsla må ta svært alvorleg framover.

Nei-sida har vifta med kartet og argumentert med at "Europa er meir enn
EU". Framleis vil det vere sant, men dette argumentet blir veikare enn
før. Marsdal skriv at "by-radikalarane" kan gli over på ja-sida når EU
blir større. Det har han sikkert rett i, og det same kan gjelde ein del
menneske som ikkje kallar seg radikale. Vi må rekne med ein ny offensiv
frå ja-sida om kor leitt og trist det er i vere åleine ute i kulden.

Den beste måten å møte ein slik offensiv på, må vere å vise konkret kva
utvidinga vil føre til for folk. Kva betyr ho i det noverande EU:
omlegging av landbrukspolitikken, andre innstrammingar? Kva krav må dei
nye medlemslanda oppfylle, og korleis vil det slå ut i dagleglivet hos
folk? Blir Aust-Europa fullverdige EU-medlemmer, eller i praksis ein
slags halvkoloniar?

Marsdal argumenterer med ord som "klassekamp" og "imperialisme", og
slike ord er sjølvsagt heilt på sin plass i denne avisa. I nei-fronten
er det store grupper som bruker andre ord, og ikkje ser dei same
skillelinjene som KK-folket, men som ser i dagleglivet sitt kva
EU-tilpassing og innstrammingar betyr. Dei vil også kunne sette seg inn
i dagleglivet til naboane i aust, dersom dei får konkret kjennskap til
det.

Nei-sida må utvikle kunnskap, kontaktnett og argumentasjon for å møte
denne situasjonen. Eg håpar at KK blir ein viktig bidragsytar til dette.

Lars Staurset

P.S. Dette innlegget er skrive for forumet, men eg har ikkje noko mot at
det blir trykt i avisa. I skrivande stund har eg ikkje lese avisa for i
dag (onsdag). Dersom det står noko der som gjer innlegget uaktuelt, bør
det ikkje trykkast.